Alexander Murray Palmer Haley () var ein amerikansk journalist og forfattar, kjend som Alex Haley. Han tok særleg for seg afroamerikanske tema, og er best kjend for boka Roots (Røtter), som blei gjort om til ein kjend tv-serie.

Liv og virke Haley var fødd i Ithaca i New York, men budde i fem år av oppveksten sin i Tennessee. Han tenestegjorde i tjue år innan den amerikanske kystvakta, mellom anna under den andre verdskrigen. Frå 1959 verka han som frilansjournalist, og intervjua mellom anna Martin Luther King Jr., Muhammad Ali, Miles Davis og nynazistleiaren George Lincoln Rockwell for Playboy.

Haley var gift tre gonger. Han døydde av eit hjarteinfarkt i 1992.

Røtter (Roots) frå 1976 er den best kjende boka hans. Her skildrar han slektshistoria si frå stamfaren Kunta Kinte, som kom til Amerika som slave frå Gambia, og etterkommaren hans fram til og med seg sjølv. Boka blei gjort om til ein tv-serie send på ABC i 1977.

Haley hjelpte også Nation of Islam-leiaren Malcolm X med å skriva sjølvbiografien sin. Etter at Malcolm X var blitt drepen skreiv han ferdig biografien saman med enkja hans, Betty Shabazz.

Bibliografi (utval)

The autobiography of Malcolm X 1965 Roots 1976, norsk utgave 1977 Plantasjebarnet Queen 1993, norsk utgåve 1997

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alex Haley» frå , og «Alex Haley» frå den 22. september 2024.

Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:Afroamerikanske forfattarar