Valeriana rigida, Ruiz & Pav., er ein blomstrande planteart i vendelrotslekta som veks i høgtliggande område frå Colombia i nord til Bolivia i sør. I Nord-Peru er planten brukt i tradisjonell medisin, først og fremst som sovemiddel og roande middel, men òg til anna medisinsk handsaming og til velvære.

Slekta Valeriana, vendelrotslekta, er medlem av kaprifolfamilien (Caprifoliaceae). Ho er spreidd over alle kontinent unntatt Antarktis med sine ca. 235 medlemmar.

Skildring Valeriana rigida er ein fleirårig plante som veks i rosettform, stengelaus eller nesten stengelaus, av og til tueforma, ut frå ein kort, vedaktig stamme med få eller ingen greiner, distalt tildekte med nye eller gamle basale blad.

Røtene er tjukke, obkoniske og pælerotaktige. Blada er ordna i ei spiralform, dei har enkle, smalt lansettforma til omvendt lansettforma, lêraktige, glatte, med spiss eller avsmalna tupp, med hårliknande vekstar ved bladbasen (cilia); 4,5-12 x 0,2-1 cm. Blomsterstanden er forma som del av ein ball, 0,5-1 x 0,5-1 cm, med ein blomsterstilk som er 1-3 cm lang, komprimert og glatt; dei nedre høgblada liknar blad, medan dei øvre høgblada og småblada er korsvis motsette, samansmelta ved basen gjennom ein node. Dei lågaste dannar eit krandekkblad, smalt lansettforma til eggforma, 3-15 x 1-3 mm, spisse til butte, nokre gonger pigga i tuppen og dei er glatte.

Blomstrane har traktforma krone. Dei pistillate blomstrane (einskjønna, holege) er 3-4 mm lange, dei perfekte (tvekjønna) blomstrane er 4-7 mm lange, kvite og glatte, med 3(-4) korte flikar. Flikane utgjer 25-30 % av lengda på kronrøyret; pollenberarar og stilkar er utståande. Fruktane (akenene) er ellipsoide, 2 mm lange, glatte, utan hårstrukturar (fnokk).

Planten er tilpassa habitat i fuktig páramo-økosystem lengst nord, i tørrare jalca og sørover i puna over Altiplano inn i Bolivia. Utbreiingsområdet ligg i høgdenivået 2500-4500 moh.

Trugsmål og vern Nasjonalparkar og andre verna område i utbreiingsområdet gjev vern av habitata for plantelivet. Døme på parkar i Ecuador er Cotopaxi og Cajas. Utanom verneområda kan den medisinske bruken påverke bestanden. I høgtliggjande Andes i Nord-Peru er uttaket av Valeriana rigida frå det naturlege habitatet ikkje regulert, noko som har redusert bestandane. Andre trugsmål inkluderer utviding av jordbruk, brannar, overbeiting og gruvedrift.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:kaprifolfamilien