Diarra Sylla () er ein fransk-senegalesisk songer, dansar, skodespelar, komponist og modell. Ho var ein del av den globale popgruppa Now United, der ho representerte Senegal. Sylla forlét gruppa i 2020 for å utvikla ein solokarriere.
Biografi Sylla blei fødd i Paris i Frankrike, men flytta seinare til Dakar i Senegal der ho vaks opp. Ho har ikkje kontakt med den biologiske faren sin, og har berre møtt han nokre få gonger. I barndomen budde ho hovudsakleg hjå syskenbarnet sitt, sidan mora hennar ofte var ute og reiste. Etter å ha opptredd på scenen då ho var 6 år, bestemte ho seg for at målet hennar var å bli ein songar.
Sylla talar tre språk flytande, fransk, volof og engelsk; ho snakkar òg tyrkisk, men ikkje flytande.
Karriere
2015-2016: Sen P'tit Gallé Etter fire år der mora prøvde å overtala henne til å ikkje søka ein karriere innan musikk, lét mor til Sylla henne til slutt delta i Sen P'tit Gallé 2016, ein av dei leiande songkonkurransane i Afrika. Ho vann fyrsteplass, og fekk umiddelbar anerkjenning.
2017-2020: Now United Sylla var del av Now United frå 2017 til 2020. Ho blei annonsert som del av gruppa den 12. november 2017, og var den einaste representanten for gruppa frå Afrika.
I mars 2020 kunngjorde Sylla at ho førebudde ein solokarriere.
5. september 2020 bekrefta ho i eit intervju med Hollywood Fix i Los Angeles at ho offisielt hadde forlate gruppa for å forfølgja ein solokarriere. Men sjølv etter at ho hadde kunngjort at ho hadde forlate gruppa, var ho med og song i nokre klipp med gruppa, som P«as le Choix», «Hewale» og «All Around The World».
2021-i dag: Solokarriere 25. februar 2021 gav Sylla ut «Set Free», debutsongen sin som soloartist.
12. mars 2021 gav Bruno Martini, Luísa Sonza og Sylla ut «Ain't Worried». Den 15. september 2021 gav Sylla og Marieme ut «Catch a Vibe».
1. april 2022 gav Sylla og JayUncut ut «Contagious». Den 19. august 2022 gav Rax og Sylla ut «If I». 22. september 2022 gav Sylla og JayUncut ut «Runaway». 4. november 2022 gav Sylla og JayUncut ut «Comment Vas La Vie».
Den 21. juli 2023 gav Tones and I, Bia og Sylla ut «Bring It On», den offisielle songen til VM i fotball for kvinner 2023.
10. januar 2024 gav Sylla ut «On It». 14. februar 2024 gav ho ut «Cupid».
Sylla er den senegalesiske kvinna med flest følgjarar på Instagram, med over 3 millionar følgjarar.
Ho var med på omslaget og blei skildra som eit globalt ikon av det nordamerikanske magasinet Bloom Xo i juni 2021.
Ho blei vist på framsida av og blei skildra i det nordamerikanske magasinet Grind Pretty Magazine i desember/vinteren 2021.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Diarra Sylla» frå , den 27. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Dakar Kategori:Senegalesarar Kategori:Folk frå Paris