Azuay (spansk uttale []) er ein provins som ligg i Andesfjella i La Sierra-regionen, sør i høglandet i Ecuador. Provinsen dekker eit område på 8 171 kvadratkilometer. Hovudstaden er og største byen er Cuenca. Han ligg i det sørlege sentrumet av Ecuador i høglandet. Fjella når 4500 m over havet i nasjonalparken El Cajas.
Panamerican Highway går gjennom provinsen. Cuenca er knytt til nasjonale flygingar frå Quito og Guayaquil. Azuay har det største vasskraftverket i landet, ved elva Paute.
Azuay grensar mot Cañar i nord, Morona Santiago i aust, mot El Oro, Loja og Zamora Chinchipe i sør og mot Guayas i vest.
Provinsen er delt inn i 15 kantonar, den mest folkerike kantonen er Cuencakantonen med over 625 000 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Azuay Province» frå , den 29. september 2024
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Ecuador