Wuzhi-fjellet, kinesisk Wuzhi Shan, er høgste fjellet i Hainan-provinsen i Folkerepublikken Kina. Fjellet når 1867 meter over havet og høyrer til Wuzhishan-distriktet, eit område der li-folket har vore i fleirtal.

Li-folket har fleire mytar om opphavet til namnet Wuzhi Shan, som tyder ‘Femfingerfjellet’. Ein legende seier at dei fem fjelltoppane er dei forsteina fingrane til ein av li-folket sine klanleiarar. Ei anna legende hevdar at kvar enkelt fjelltopp er vigd dei fem mektigaste gudane til li-folket. Mange dikt er skrive om fjellet, hainanaren Qiujun sitt er det mest siterte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wuzhi Mountain» frå , den 1. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Kina Kategori:Geografi i Hainan