Umaro Sissoco Embaló () er ein bissauguineansk politikar som har vore president i Guinea-Bissau sidan 27. februar 2020. Han var også statsminister i landet frå 18. november 2016 til 16. januar 2018.
Liv og virke Bakgrunn Embaló blei fødd i Bissau, som skulle bli hovudstaden i Guinea-Bissau. Han er utdanna i internasjonal politikk ved og har både mastergrad i politikk og doktorgrad i internasjonale forhold ved . Han snakkar portugisisk og spansk flytande, i tillegg til engelsk, fransk, arabisk og swahili.
Embaló har også militær utdanning frå det nasjonale forsvarssenteret i Spania og fleire andre land, og han har rang av brigadegeneral.
Statsminister 2016–2018 Embaló blei utnemnd til statsminister av president 18. november 2016 og tiltredde 13. desember 2016. Han tok denne posten i strid med sitt parti (Det afrikanske partiet for sjølvstende for Guinea og Kapp Verde, PAIGC), og sentralkomitéen i partiet vedtok mistillit til Embaló med stort fleirtal.
Som statsminister kunne Embaló berre rekne med støtte frå Partido da Renovação Social (‘Partiet for sosial fornying’, PRS) som var det nest største partiet i nasjonalforsamlinga. Etter uoverensstemmelser med president José Mário Vaz blei han avsett 13. januar 2018 med verknad frå 16. januar.
Presidentvalet i 2019 Embaló stilte som kandidat ved presidentvalet for partiet (‘Rørsla for alternativt demokrati’, Madem G15).Partiet var skipa av 15 utbrytarar frå PAIGC, blant dei Embaló, i 2016. Partiet stilte liste til parlamentsvalet i 2019 og fekk, som nest største parti, 27 av 102 sete. Han fekk 27% av røystene i fyrste valomgang og gjekk vidare til andre runde. Det offisielle valresultatet viste at Embaló vann andre valomgang med 54% av røystene mot ein annan tidlegare statsminister, , som fekk 46 %. Sjølv om korkje høgsterett eller parlamentet hadde godkjent resultatet organiserte Embaló sjølv ei offisiell innsetjing av seg sjølv som president på eit hotell i Bissau. Fleire av politikarane i Guinea-Bissau, inkludert statsminister , skulda Embaló for å gjennomføre statskupp, men den avtroppande presidenten Mário Vaz tredde til side og tillét Embaló å overta makta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Umaro Sissoco Embaló» frå , den 9. oktober 2024.
Kategori:Bissauguineanske presidentar Kategori:Bissauguineanske statsministrar