Balestrand kai har eksistert sidan seint på 1800-talet og fungert som dampskipsekspedisjon og stoppestad til dei fyrste ferjerutene til Fylkesbaatane. Skikkeleg ferjekai vart påbyrja av dåverande Balestrand kommune i 1961 og opna året etterpå.
I 1990 opna ny veg til ferjekaia og ein opprusta oppstillingsplass, i tillegg til ny moderne ferjelem. Det er lite ferjetrafikk til Balestrand, som er reflektert i at talet på oppstillingsfelt har gått ned frå fire til to.
Liste over samband med stopp på Balestrand ferjekai: 1934-1938: Lærdal-Vadheim 1938-1945: Grinde-Balestrand-Nordeide 1945-1957: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Nordeide 1939-1945: Grinde-Balestrand-Vetlefjorden 1945-1951: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Vetlefjorden 1951-1956: Grinde-Vangsnes-Balestrand 1956-1985: Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand 1985-: Hella-Vangsnes-Dragsvik 1974-1994: Balestrand-Hella-Fjærland
Kjelder
Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Ferjeleie i Vestland