Santa Elena (spansk uttale []) er ein provins i Ecuador, oppretta 7. november 2007. Han består av dei tre kantonane Santa Elena, Salinas og La Libertad, som tidlegare tilhøyrde provinsen Guayas. Hovudstaden er Santa Elena. Provinsen har eit oljeraffineri, ein flyplass, ei hamn og omfattande turistinfrastruktur, spesielt i badebyen Salinas.
Geografi
Provinsen Santa Elena ligg lengst vest i Ecuador, sentralt plassert i nord-sør-retning på Santa Elena-halvøya, som strekkjer seg frå fastlandet av Ecuador ut i Stillehavet. Klimatisk er halvøya ei forlenging av kystørkenen nordvest i Peru. Klimaet er derfor hovudsakleg tørt og varmt.
Provinsen grensar i sør til Guayaquilbukta, i vest til det opne Stillehavet, i nord til Manabí og i aust til «moderprovinsen» Guayas.
Kjelder
Denne artikkelen er ei omsetjing av «Provinz Santa Elena» frå , den 18. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Ecuador