Lille Kalvøya er ei øy i Ålesund kommune, i Ellingsøyfjorden mellom Ellingsøya og Uksenøya. Ho er veglaus.

Det finst gravrøyser frå jarnalderen på øya. I nyare tid er det kjend busetjing på øya iallfall frå slutten av 1500-talet. Ho fekk elektrisitet i 1924. I 1929 kom det fast skule på øya, før det hadde borna gått på omgangsskule.

I 2021 var øya gjenstand for ein episode i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det vart då sagt at det delar av året berre var éin fastbuande på øya."Kathrine i Ellingsøyfjorden med i 'Der ingen skulle tru' på søndag", Bygdebladet 8.1.2021

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 15 30

Kjelder

Ragnar Øvrelid, Borgund og Giske, band IV, Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1973 Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Ålesund