mini|Det tradisjonelle kjerneområdet til tlingitfolka. Tlingitfolk (tlingit, thlinget eller tlinkit) er ei nordamerikansk urfolksgruppe som taler eit na-dené-språk. Det tradisjonelle busetjingsområdet til tlingitane strekkjer seg frå kystområda i det søraustlege Alaska i USA og inn i Britisk Columbia og Yukon i Canada.
Tlingitane førte ein langvarig kamp mot dei russiske inntrengjarane då heimlandet blei kolonisert av Russland. I 1802 klarte dei å overmanna den russiske garnisonen i Fort Sankt Mikael (nær det noverande Sitka), drap dei fleste russarane der og brende ned fortet. Eit liknande angrep lukkast mot Yakutat i 1804.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tlingit» frå , den 21. oktober 2024.
Kategori:Urfolk i Alaska Kategori:Urfolk i USA Kategori:Urfolk i Canada