mini|Frå venstre: Alma, mora og Margarethe Julie. Rundt 1893 Alma Mahler-Werfel () var ein austerriksk komponist og salongvertinne for kunstnarmiljøa i Wien, Los Angeles og New York.
I unge år skreiv Alma Schindler ein del musikk, og berre sytten songar for songstemme og piano er att. I vår tid er ho mest kjend som ektefellen til komponisten Gustav Mahler, arkitekten Walter Gropius og forfattaren Franz Werfel. I tillegg hadde ho eit fleire år langt stormfylt tilhøve til målaren Oskar Kokoschka og fleire kortvarige romansar med andre framståande menn.
Liv
Oppvekst Alma Margaretha Maria Schindler var dotter av landskapsmålaren Emil Jakob Schindler (1842–1892) og songaren Anna Sofie Bergen (1857–1938).
Mora var gravid i tredje månad då ho gifta seg med Schindler. Ein periode han var sjuk og fråverande starta ho eit forhold til kunstnarkollegaen hans, Julius Victor Berger, som familien av økonomiske årsaker delte bustad med. Berger var mest sannsynleg far til det andre barnet til Anna, Margarethe Julie «Grete» (1880-1942). Grete var psykisk sjuk, og mora innbilte Alma at difterien til faren var den underliggjande årsaka. Dette fekk Alma til å bekymra seg for at også ho kunne bli sjuk ein dag. Grete budde på ein psykiatrisk institusjon frå 1911, og blei til liks med mange andre mentalt sjuke drepen av nazistane. Lagnaden til søstera gjekk kanskje ikkje så stort inn på Alma; etter at ho oppdaga i 1925 at dei ikkje hadde same far, blir ho ikkje nemnd meir i dagbøkene, og i sjølvbiografien frå 1950-åra omtaler ho Grete som «mi usjølvstendige veslesyster». Margarethe (Grete) Julie Legler-Schindler (1881-1942) , gustav-mahler.eu
Økonomien til familien betra seg drastisk då faren blei tildelt ein kunstnarpris i februar 1881. Etter ei tid oppdaga han det utanomekteskapelege forholdet til kona, og ho braut då kontakten med Berger – men ho utvikla snart eit nytt forhold med eleven og assistenten til mannen, Carl Moll. Dei klarte å halda forholdet skjult medan Schindler levde og ei tid etter, men gifta seg i 1895.
Alma sin biograf Oliver Hilmes går ut frå at eit oppvekstmiljø prega av løgner og forteiing prega den psykiske helsa til Schindler-døtrene og bidrog til eit svært tett band mellom Alma og faren.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn. a. 34 Han gjorde det mogleg for henne å utvikla musikktalentet og dei litterære interessene sine, men døtrene fekk inga formell utdanning. Om vinteren gjekk dei på skule i Wien, om somrane fekk dei undervising av mora eller av ein privatlærar. Sjølv om skulegangen var temmeleg usystematisk, fekk Alma ei grundig musikkopplæring. Adele Radnitzky-Mandlick underviste henne i klaverspel og Alma opparbeidde seg eit omfangsrikt og imponerande repertoar. Blant dei mest spelte komponistane var Franz Schubert og yndlingskomponisten til faren, Robert Schumann. Ho var også godt kjend med Richard Wagners musikk. Frå 1895 fekk ho komposisjonsundervisning av den blinde organisten og komponisten Josef Labor.
Stefaren Carl Moll tilhøyrde kunstnarkrinsen Wiener Sezession, og heimen til ekteparet Moll var møteplass for mange av forfattarane, målarane og arkitektane i Wien, som Joseph Maria Olbrich, Josef Hoffmann, Wilhelm List og Koloman Moser, og dessutan Max Burckhard, som var direktør ved Wiener Burgtheater. Alma lærte dei fleste av desse å kjenna.Alma Mahler-Werfel: Mein Leben, s. 22
Forhold og ekteskap Ein av gjestene i Moll-heimen var målaren Gustav Klimt, ein kjend kvinnebedårar som i ein alder av 34 år var far til eit titals utanomekteskapelege barn. Alma var sytten år gammal og ein stor venleik, så Klimt blei betatt. Foreldra prøvde å halda dei unna kvarandre, noko som bidrog til at Klimt si interesse heldt seg over fleire månader.Alma Mahler-Werfel: Mein Leben, s. 22 Då Klimt og Alma kyssa kvarandre under ei familiereise til Italia, overtalte foreldra vennen og kunstnarkollegaen sin til å forlata reiseselskapet. Klimt lova å halda seg unna Alma i framtida.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 42
Den fyrste eigentlege kjærleiken til Alma var komposisjonslæraren hennar Alexander von Zemlinsky, men han blei snart fordriven i tankane hennar av komponisten Gustav Mahler. Dei to møtte kvarandre for fyrste gong i november 1901, og bryllaupet deira stod 9. mars 1902 i Karlskirche i Wien.ALMA: Biografie, alma-mahler.at. Lest 12. juni 2021. Før bryllaupet la han fram eit tjue sider langt brev for Alma der han stilte opp ei rekkje forventningar han hadde til ekteskapet. Mellom anna stilte han som vilkår at ho skulle slutta å skriva musikk, då han ikkje var innstilt på å vera gift med ein konkurrerande kollega.Ein Glück ohne Ruh. Die Briefe Gustav Mahlers an Alma. Red. Henry-Louis de La Grange og Günter Weiß. btb, Berlin 1997, . Ho aksepterte, men bar nag til han for dette resten av livet. Samstundes kan det nemnast at ho ikkje var heilt trygg på sine eigne evner som komponist.Alma Mahler-Werfel: Tagebuch-Suiten. 1898–1902. Red. Antony Beaumont og Susanne Rode-Breymann. Fischer, Frankfurt am Main 1997, . Oppføring fra 23. november 1898, s. 149. Ekteparet fekk to døtrer, og ei av dei, Anna Mahler, blei ein kjend skulptør.
Allereie medan Gustav Mahler levde byrja Alma eit forhold til den seinare grunnleggjaren av kunst-, design- og arkitekturskulen Bauhaus, arkitekten Walter Gropius. Då Mahler døydde i 1911 sette ho Gropius på vent nokre år. Enkjepensjon og arv hadde gjort henne til ei velståande kvinne med mange belarar i Wien, og det skadde nok heller ikkje at ho framleis var ung og vakker. Hausten 1911 hadde ho eit kort forhold til komponisten Franz Schreker. Seinare streva ho seg gjennom eit stormfullt forhold til målaren Oskar Kokoschka.Alma Mahler-Werfel: Mein Leben, s. 47f
Både Kokoschka og Gropius deltok i fyrste verdskrigen. Medan dei var ved fronten byrja Alma å byggja opp eit ry som kunstelskande muse og iscenesette seg som den store ivaretakaren av det musikalske arvegodset til Mahler. Ho heldt kunstnarsalong i Wien med vitjande som Gerhart Hauptmann, , Franz Schreker, Johannes Itten, , Arthur Schnitzler og . Også gamle flammar som og Hans Pfitzner var regelmessige gjestar.
I august 1915 gifta Alma Mahler seg med Gropius. Han fekk to dagars permisjon i samband med hendinga. I biografien sin karakteriserer Hilmes ekteskapet som dømt på førehand, og går ut frå at motivet hennar var ei blanding av konvensjonalitet, indre tomleik og desorientering. Medan Gropius deltok i heftige kampar ved fronten i Vogesane, byrja Alma å mista interessa for han. Ho var misnøgd med den militære karrieren hans, og skreiv i eit brev til han at den underordna stillinga hans var uverdig for henne, for «ektefellen min må vera av ypparste klasse».„Mein Mann muss erstrangig sein“Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 172
Tidleg i 1918 måtte ho konstatera at ho var gravid igjen. Ho var overtydd om at barnefaren var ein ny flamme, den 27 år gamle forfattaren Franz Werfel. Forholdet mellom Werfel og Alma var etter kvart blitt godt kjend, men Gropius valde likevel å ta på seg ansvaret for ei skilsmisse ved å arrangera det slik at han blei teken in flagrante («på fersk gjerning») med ein prostituert. Etter ekteskapslovene i samtida kunne Alma Mahler då krevja ei raskt gjennomført skilsmissesak.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 192f
Werfel og Alma gifta seg fyrst i 1929. Ektefellane var i drift frå kvarandre frå fyrste stund, og før 1938 var dei mykje tid på kvar sin kant. Til den veksande kløfta bidrog politisk usemje. Alma utvikla tidsriktige antisemittiske synspunkt, noko som fall jødiske Werfel tungt for brystet. I 1938 flykta dei til Frankrike, der dei oppheldt seg til den tyske invasjonen våren 1940. Under store vanskar klarte dei å komma seg til USA. Werfel fekk alvorlege hjarteproblem i 1943 og døydde i 1945.
«Dei fire kunstartars enkje» Med tanke på kunstartane dei fire ektemennene til Alma representerte, musikk, biletkunst, arkitektur og litteratur, blei ho noko respektlaust kalla «dei fire kunstartars enkje».ALMA: On Tour, alma-mahler.at. Lest 12. juni 2021 Thomas Mann karakteriserte Alma Mahler som La grande veuve («den store enkja»).
Mor til Alma døydde hausten 1938. Stefaren Carl Moll, halvsystera Maria og mannen hennar, som hadde vore medlemmer av NSDAP i fleire år, utførte alle sjølvmord i april 1945.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn. s. 343. Alma vitjaheimbyen Wien ei kort tid i 1947, hovudsakleg for å få avklart nokre formogespørsmål. Mest kjent er kampen hennar for å få tilbake eigedomsretten til Edvard Munch-måleriet Sommarnatt ved stranden. Ho fekk biletet av Walter Gropius då dei felles barna deira blei fødde, men Carl Moll selde det etter at Alma hadde emigrert til USA. Ho tapte saka fordi ho ikkje klarte å overtyda retten om at salet var skjedd utan hennar vitande og vilje. Alma heldt fram med å kjempa om biletet heilt til inn på 1960-åra, og nekta å setja føtene sine på austerriksk jord før ho hadde fått det tilbake. Biletet blei ikkje levert tilbake til familien før i 2007, då barnebarnet Marina Fistoulari-Mahler overtok eigedomsretten.Belvedere restituiert Munch , art-port.ccMaria Børja: Munch-maleri stjålet av nazistene verdt minst 50 millioner, dagbladet.no 10. november 2006
Sjølvbiografien I 1951 slo Alma Mahler-Werfel seg ned på Upper East Side i i New York. Ho hadde lenge arbeidd med ein sjølvbiografi basert på dagbøkene sine. Samarbeidet med den første ghostwriteren hennar, Paul Frischauer, skar seg fordi han protesterte mot dei mange antisemittiske utsegnene frå dagbøkene. Seinare samarbeidde ho med E. B. Ashton, men også han meinte det ville vera nødvendig å fjerna antisemittistisk materiale og ei lang rekkje utfall mot levande personar.
I 1958 kom den engelskspråklege utgåva, And the Bridge Is Love. Reaksjonen var heller avmålte, og særleg Walter Gropius reagerte på måten forholdet og ekteskapet deira vart framstilt på.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 398 Andre kjenningar, som Paul Zsolnay, gjorde det krystallklart for Alma Mahler-Werfel at den påtenkte tyske utgåva måtte modererast i stor grad. Willy Haas fekk i oppdrag å førebu utgjevinga for den tyskspråklege marknaden. Fyrst etter å ha sett reaksjonen i den engelskspråklege marknaden, bad Alma om å få fjerna at dei rasepolitiske utsegnene som dei tidlegare ghostwriterane hadde prøvd å få henne til å utelata.Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 401
Den tyskspråklege utgåva Mein Leben blei likevel ikkje godt motteken. Boka bøeo omtalt som glatt, tvitydig, sjølvmotseiande og inntil det parodiske sjølvoppteke. Mangeårige venner som Carl Zuckmayer og Thomas Mann hadde vendt seg mot henne allereie etter den engelskspråklege utgåva.Zitiert nach Oliver Hilmes: Witwe im Wahn, s. 412 Biografen Astrid Seele skreiv at «det sjølvbiografiske forsøket på å framstilla seg sjølv i ei rolle som musa berre var hennar siste fortvila forsøk på å overtyda seg sjølv om den heilt personlege livsløgna si, og med det rettferdiggjera sitt liv overfor seg sjølv.»«Ihre autobiographisch behauptete Identifikation mit ihrer Musenrolle stellt nur einen letzten verzweifelten Versuch dar, selbst an ihre ganz persönliche Lebenslüge zu glauben und damit ihr Leben vor sich selbst zu rechtfertigen.»Astrid Seele: Alma Mahler-Werfel, s. 126
Komponisten Alma Schindler-Mahler Alma skreiv over hundre songar, fleire instrumentalstykke og byrja på ein opera. Berre sytten songar er att etter henne, resten forsvann under andre verdskrigen, eller blei destruerte av henne sjølv.Alma the composer; alma-mahler.at