Skog kyrkje () er ein kyrkjebygning i tettstaden Skog i Söderhamn kommune. Kyrkja blei innvigd i 1805. Ho tilhøyrer Skogs forsamling i Uppsala stift.
I samband med ein renovasjon i 1951 fekk kyrkja freskomåleri av Erik Abrahamson; dels Jesus på krossen og Moses med lovtavlene i langskipet; dels fire av Jesu likningar i apsisen i koret. Ved ein renovasjon i 1987 blei det lag til eit nytt frittståande altar utført av finsnikkaren Kaj Andersson frå Löten i Skog, teikna av arkitekt Uno Sørfjell.
I 1912 blei den såkalla Skogbonaden funnen i kyrkja. Denne stammar frå 1200-talet og er no ved Statens historiske museum i Stockholm. Sidan 2000 har det vore ein kopi i kyrkja. Av andre eldre eigedommar i kyrkja kan ein nemna eit mellomaldersk røykjelseskar, ei mellomaldersk kyrkjekiste og eit eksemplar av Gustav Vasas bibel, trykt i1541.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skogs kyrka, Hälsingland» frå , den 26. oktober 2024.
Kategori:Söderhamns kommun Kategori:Kyrkjer i Sverige