Krabbebjørn (Procyon cancrivorus), er ein art av halvbjørnar i vaskebjørnslekta som held til i sumpområde og junglel i Mellom og Sør-Amerika, inkludert Trinidad og Tobago. Han finst frå Costa Rica og sørover gjennom store delar av Sør-Amerika aust for Andesfjella og ned til nordlege Uruguay og nordaustre Argentina. Trass i namnet et denne arten ikkje berre krabbar. På tupí-guaraní-språk blir han kalla aguará eller agoará popé.
Kosthald og anatomi
Krabbebjørn et krabbar, hummar, kreps og andre krepsdyr, og dessutan skaldyr som østers og muslingar. Han er ein altetar og har også eit kosthald som inkluderer små amfibium, fisk, insekt, små skjelpadder, skjelpaddeegg, frukt, nøtter og grønsaker. Han liknar den nordlege slektningen vaskebjørn, med ein buskete, ringmønstra hale og ei «bandittmaske» av pels rundt auga. I motsetnad til vaskebjørnen peikar pelsen i nakken mot hovudet i staden for bakover. Krabbebjørnar er meir tilpassa eit trelevande liv med skarpare, smalare klør. Han er også betre tilpassa eit kosthald med harde skjel, sidan mange av kinntennene er større enn hos arten vaskebjørn, med breiare, avrunda tuppar. Sjølv om krabbebjørn kan verke mindre og meir straumlinjeforma på grunn av kortare pels og ei meir slank kroppsbygging, har han omtrent same storleik som den nordlege slektningen sin. Lengda på hovud og kropp varierer frå 41 til 80 cm, halelengda frå 20 til 56 cm, og skulderhøgda er cirka 23 cm. Vekta varierer mest mellom 3 og 7 kg. Hannar er vanlegvis større enn hoene.
Åtferd
Krabbebjørnar er solitære og nattaktive, hovudsakleg terrestrisk, men brukar også ein del tid i tre. Han finst nesten alltid nær bekker, innsjøar og elvar. I Panama og Costa Rica, der han lever sympatrisk med vaskebjørn, held han seg berre til elvar og bekker i innlandet, medan vaskebjørnen lever i mangroveskogar og sumpområde. Krabbebjørnar er mindre tilpassingsdyktige og er langt sjeldnare å finne i menneskeskapte miljø enn vaskebjørnar i nord.
Reproduksjon
Krabbebjørnar parar seg i perioden juli til september, og drektigheitstida varer mellom 60 og 73 dagar. Ungane fødast i bergsprekker, hole tre eller forlatne hi frå andre dyr. Kulla består vanlegvis av to til sju ungar, med tre som gjennomsnitt. Vanlegvis får krabbebjørnar berre eitt kull per år, men viss ei hoe mistar heile kullet tidleg på sesongen, vil ho parre seg igjen og få eit nytt kull. Hannane har inga rolle i oppsedinga av ungane, og hoer blir svært territoriale medan dei tek seg av dei og toler ikkje andre krabbebjørnar i nærleiken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crab-eating raccoon» frå , den 27. oktober 2024
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Halvbjørnfamilien Kategori:Rovdyr