Smørholmen eller Steinøya er ei øy i Hustadvika kommune. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Det er funne ein gravhaug frå bronsealder/jarnalder på Smørholmen. I nyare tid vart holmen seinast busett på 1600-talet, som fiskevær. Det var òg handelsstad her, og ei tid losstasjon. På midten av 1900-talet var det ei stund snakk om å byggja bru frå fastlandet til Smørholmen, men då det vart klart at brua ikkje ville koma, flytta dei fleste frå øya på 1960-talet, og tidleg på 1970-talet vart holmen heilt fråflytta. Smørholmen taremottak på holmen tek imot tare frå taretrålarar.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet 2000 21 55 0

Smørholmen var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 og Eide kommune fram til Hustadvika kommune vart oppretta i 2020.

Kjelder

Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Hustadvika