Sveggøya er ei øy nord i Averøy kommune. Eit smalt sund med vegbru over skil ho frå Averøya i aust.

På vestkysten av øya ligg det gamle fiskeværet Røeggen, som var i drift iallfall frå 1500-talet av. I aust, på begge sider av Sveggesundet, ligg det gamle fiskeværet, no tettstaden, Sveggen, med 297 innbyggjarar (2024).

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå Digitalarkivet 44 120

Sveggøya var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Bremsnes kommune fram til Averøy kommune vart oppretta i 1964.

Kjelder

Endre Holten, Averøy bygdebok bind III, Averøy kulturstyre, 1997

Kategori:Øyar i Averøy