Esmail Qaani () er ein iransk general og leiaren av elitestyrken Quds i Den iranske revolusjonsgarden. Han vart medlem av revolusjonsgarden i 1980 og tok over som leiar av Quds-styrken i 2020 etter at føregangaren Qasem Soleimani vart drepen i eit amerikansk droneåtak.

Qaani er fødd i Mashhad nordaust i Iran. Han vart medlem av den iranske revolusjonsgarden i 1980, og tok del i Irak-Irankrigen (1980-1988). Etter at krigen var slutt gjekk han inn i Quds-styrken og var aktiv i grenseprovinsen Khorasan, som grensa til både Afghanistan, Turkmenistan og Pakistan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iranarar Kategori:Det iranske forsvaret