Roger Strøm () er ein tidlegare skeiseløpar frå Sandefjord som utmerkte seg på sprintdistansane. Han vart andremann i sprint-VM 1997.
Aktiv Strøm deltok internasjonalt frå 1989 til 1999 og var i denne perioden jamnt over Noregs beste i sprinttevlingane. Under Vinter-OL 1994 på Hamar vart han nummer 7 på 1000 meter, etter han fall på 500 m. I 1996 kom han på tredjeplass på 500 meter ved VM i enkeltdistansar, året etter vart han andremann på same distansen i VM enkeltdistansar. Under verdsmeisterskapen i sprint 1997 på Hamar kom han på andreplass samanlagt, drygt 0,2 tidspoeng bakom verdsmeister Sergej Klevtsjenja.
Strøm vann 15 gullmedaljar i norske meisterskap. Åra 1990-98 vart han norsk sprintmeister sju gongar, i tillegg tok han seks gongar gullmedaljen på 500 meter og to gongar på 1000 meter. Han forbetra den norske rekorden på 500 meter ved tre høve og på 1000 m ved to høve.
Strøms livsbeste noteringar på 500 meter og 1000 meter lyder på høvesvis 35,98 sekund og 1.08,41, begge oppnådd i Calgary og i sesongane 1998 og 1999.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Roger Strøm» frå , den 7. november 2024.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Folk frå Sandefjord