Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) er ein sjøfugl som hekkar i koloniar. Fuglen høyrer til skarvfamilien.
Utbreiing
Toppskarven finst i nordlege og vestlege Europa. I Noreg hekkar han i kystområde på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland.
Utsjånad
Han er svart og ganske kort. Namnet kjem frå det karakteristiske hovudet som får ei særeigen «sløyfe» hos hannane i paringstida. Fuglen er derfor lett å skilje frå andre artar, men kan særleg vinterstid forvekslast med storskarv.
Levemåte mini|venstre|Toppskarvegg
Hoa legg 2-3 lyseblå egg i mai. Begge foreldra rugar, rugetida er 30 dagar. Ungane vert mata med oppgulpa fisk. Dei blir i reiret i over 50 dagar.
Toppskarven overvintrar vanlegvis i Noreg.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Norsk ornitologisk forening Miljølære
Kategori:Skarvfamilien Kategori:Fuglar i Noreg