Ringsøya er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sørvest for øya Smøla. Øya har ikkje fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Ringsøya vart truleg ikkje busett før 1860-talet. Eit firma i Kristiansund kjøpte øya for å byggja opp eit fiskevær der. Øya fekk stoppestad for rutebåt i 1880, postopneri i 1888 og telefon i 1905. Ved folketeljinga i 1900 var folketalet 48 personar.Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet På 1950-talet vart rutebåten innstilt. Det var snakk om å byggja veg over Jøa til hovudøya Smøla, men dette vart ikkje noko av. I staden vart øya gradvis fråflytta.

Ringsøya var del av Edøy kommune fram til 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind II, Smøla kulturstyre

Kategori:Øyar i Smøla