Gardsøya er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sørvest for hovudøya Smøla. Det bur ikkje folk her.

Gardsøya vart busett på 1880-talet. Det var berre éin huslyd som budde på øya, og berre i éin generasjon. Ved folketeljinga i 1900 budde det seks personar her.Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet Sidan tidleg på 1900-talet har øya vore folketom att.

Gardsøya var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989

Kategori:Øyar i Smøla