mini|Peanøttsmør i krukke og på ei skei. mini|Peanut Butter and Jelly Sandwich er eit kjent dobbelt smørbrød frå USA. Peanøttsmør er eit pålegg av måla, tørrista peanøtter, ofte tilsett mindre mengder olje, sukker og salt.

Søraust-Asia I Indonesia og andre delar av Søraust-Asia blir det dyrka mykje peanøtter, og dei inngår i mange matretter frå desse områda. I mange tilfelle blir peanøttene tilsette under matlaginga i form av peanøttsmør.

USA Bruken av peanøttsmør er også utbreidd i USA, der det også blir dyrka mykje peanøtter. I amerikansk matkultur brukar ein til dømes peanøttsmør som pålegg, ofte i kombinasjon med syltetøy i ein peanøttsmør- og syltetøysandwich (Peanut Butter and Jelly eller PB&J).

Peanut butter cup, ein sjokolade fylt med peanøttsmør, er også populær i USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peanøttsmør» frå , den 16. november 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Peanøtter Kategori:Pålegg