Ingeborg av Danmark, (også Ingeborg Valdemarsdatter, Ingeburge, Isambour, IsburgisHolmqvist-Larsen, Niels Henrik: «Ingeborg» i Dansk Kvindebiografisk Leksikon på lex.dk. Henta 9. august 2024 fra) (fødd 1175 el. 1176, død 1236 el. 1237) var hertuginne av Västergötland,Store norske leksikon (2005-07): «Ingeborg - hertuginne av Västergötland» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 9. august 2024 fra og i ekteskap med Filip II August av Frankrike dronning av Frankrike 1193-96 og 1213-1236/37.
Ho var dotter av Valdemar I av Danmark og dronninga hans Sofia av Minsk og syster til Knud VI, som var dansk konge frå 1182 til 1202, og til Valdemar Siger som var dansk konge 1202-41.
Liv Ekteskapet blei truleg arrangert på fransk initiativ, for kong Filip var enkjemann med berre ein skrantande son som einaste tronarving. Han hadde også håp om støtte frå den danske flåten ved eit planlagt angrep på England, med tanke på Ingeborg representerte ein gammal, om enn noko tvilsam, arverett til den engelske trona. I staden for militær støtte avtalte bror hennar, kong Knud, å gje henne ei stor medgift.Holmqvist-Larsen, Niels Henrik: «Ingeborg» i Dansk Kvindebiografisk Leksikon på lex.dk. Hentet 9. august 2024 fra Både kong Knud og erkebiskop Absalon hadde ein del tvil knytt til ekteskapet, truleg også med tanke på reaksjonen til den tysk-romerske keisaren på ein slik allianse. Men den franske kyrkjemannen Vilhelm, som var abbed i Æbelholt kloster i Nordsjælland, var forblinda av ønsket sitt om å få Danmark tettare knytt til Frankrike. Han klarte til sist å overtala dei.«Vilhelm av Æbelholt», katolsk.no venstre|mini|Katedralen i Amiens der Ingeborg blei vigd til den franske kongen. Ingeborg gifta seg med Filip 15. august 1193 i Amiens. I Frankrike fekk ho namnet Isambour.
Dagen etter vigselen blei Ingeborg krona til fransk dronning, men deretter erklærte Filip at han ønskte å skilja seg, og fekk ekteskapet omstøytt ved å hevda at han etter kyrkjeretten var for nært i slekt med brura. Ettersom Ingeborg nekta å anerkjenna skilsmissa, og skreiv til pave Celestin III med bøn om hjelp,Ingeborgs brev til pave Celestin, epistolæ heldt kongen henne innesperra ulike stader. Den seinare paven Innocens III kalla omstøytinga for «komediespel». Filip påstod no at ekteskapet aldri var blitt fullbyrda, trass forsøk på det. Her skulda han på trolldom. Ingeborg på si side insisterte på at det var blitt gjennomført samleie.Holmqvist-Larsen, Niels Henrik: «Ingeborg» i Dansk Kvindebiografisk Leksikon på lex.dk. Hentet 9. august 2024 fra
I 1194 gav kong Knud den franskfødde abbeden Vilhelm det krevjande oppdraget med å oppsøkja kong Filip og formana han om å anerkjenna Ingeborg som kona si og fransk dronning. Vilhelm fekk med seg den danske kanslaren Peder Sunesen (ca. 1161-1214),«Peder Sunesen», Dansk biografisk leksikon som i tillegg var biskop og son av fetteren til erkebiskop Absalon og hadde særleg innsikt i kyrkjerett.«Vilhelm av Æbelholt», katolsk.no Dei vende likevel tilbake med uforretta sak. Pave Innocens ordla seg i 1212 slik at ektefellane hadde hatt samvær, men «at foreininga til kjønna ikkje blei fullbyrda i det kvinnelege organet». Det er aldri klarlagt kva som eigentleg skjedde. I alle fall gifta Filip seg for tredje gong i mai 1196, denne gongen med Agnes av Merania, og ignorerte det gjentekne påbodet til paven om å ta tilbake Ingeborg som dronning. I staden gav kong Filip henne eit ultimatum, anten godta skilsmisse eller gå i kloster.Holmqvist-Larsen, Niels Henrik: «Ingeborg» i Dansk Kvindebiografisk Leksikon på lex.dk. Hentet 9. august 2024 fra
Den nyinnsette paven Innocens III erklærte Filip sitt ekteskap med Agnes for ugyldig, ettersom Filip framleis var gift med Ingeborg. I 1199 konkluderte Innocens med at kongen av Frankrike faktisk levde i bigami og hor, og Frankrike blei frå januar 1200 underlagt interdikt, slik at alle kyrkjelege handlingar bortsett frå barnedåp og skriftemålet til døyande blei suspendert. I september 1200 lét kong Filip då som om han tok Ingeborg tilbake, og interdiktet blei oppheva, men han heldt fram med å pressa henne hardt for å gå med på skilsmisse. I 1200 erklærte paven barna til kong Filip i det tredje ekteskapet hans for å vera «ektefødde». I 1202 kom den andre broren til Ingeborg, Valdemar Siger, på trona i Danmark. Han klaga jamleg over den vanskelege situasjonen til systera for pavestolen, som kvar gong responderte med nye pavebullar til Filip om å ta henne tilbake. Frå 1207 fekk Ingeborg mildare behandling, men ho var framleis innesperra. Fyrst i 1213 tok Filip henne tilbake som fransk dronning. No var endeleg arvefølgja sikra, ettersom den ektefødde sonen til Filip sjølv hadde fått ein son. Dessutan planla Filip endå ein gong å gå til krig mot England og trong då eit betre forhold til pavestolen og vel også Ingeborg sin tvilsame arverett til den engelske krona.Holmqvist-Larsen, Niels Henrik: «Ingeborg» i Dansk Kvindebiografisk Leksikon på lex.dk. Hentet 9. august 2024 fra
Som dronning budde Ingeborg i fleire franske byar, som Pontoise og Saint-Germain-en-Laye. Ho hadde enkjesetet sitt i Corbeil i nærleiken av Orléans, der ho også døydde og ligg gravlagd. Etter at Filip døydde i 1223 oppheldt Ingeborg seg stort sett i kloster.
For arva si etter ektefellen og inntektene sine som dronning grunnla og støtta ho eit johannitarkloster med sjukehus og gardsdrift i Corbeil ved Paris. Ho blei gravlagd i klosterkyrkja, der gravmælet hennar av bronse stod til det blei øydelagt under den franske revolusjonen. Bøneboka hennar, Ingeborg-psalteret der ho har skrive inn foreldra sine dødsdagar, er oppbevart på Condé-museet i Chantilly.Condé-museet i Chantilly
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingeborg av Danmark (fransk dronning)» frå , den 17. november 2024.
Kategori:Døde på 1200-talet Kategori:Fødde på 1100-talet Kategori:Franske dronningar Kategori:Danske kongelege Kategori:Danske prinsesser