Martin Kellerman () er ein svensk teikneserieskapar. Kellerman er fødd og oppvaksen i Växjö, men budde ei tid i Nord-Noreg før familien flytta til Upplands-Väsby då han var 13 år. Det var på denne tida han byrja å selje sine eigne teikneseriar. Den mest kjende serien hans er Rocky, om ein om lag 30 år gamal serieteiknade og hiphopelskande hund som bur i Stockholm.

Rocky har vorte publisert i svenske aviser sidan 1998, og har også fått eigne albumutgjevingar og sitt eige teikneserieblad i Sverige. Serien har også vorte publisert i Norden elles, i tillegg til i Slovenia, Sveits, Spania og Italia. I USA har det vorte gjeve ut eit album.

Konseptet og figurane har også vorte nytta i eit skodespel som vart sett av til saman 40 000 i Stockholm. Kellerman skreiv både manus og hadde regien. Stykket vart fyrste gong sett opp i Noreg av Nordland Teater i Mo i Rana og vart i 2004 også sett opp i Oslo.

Norsk bibliografi

2005: Rocky: The Big Payback (første samlebok utgjeven i Noreg), ISBN 82-509-5410-6 2006: Rocky: Bok II

Prisar og utmerkingar (utval) 2001 – Sproingprisen 2003 – Adamsonstatuetten 2009 – Svenska PENs Bernsprisen 2010 – Lidmanprisen 2010 – Stockholm Stads Bellmanpris

Kjelder Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Martin Kellerman» henta frå Wikipedia på engelsk, og artiklane «Martin Kellerman» og «Rocky» henta frå Wikipedia på bokmål 25. nobember 2006.

Bakgrunnsstoff Rocky Digital

Kategori:Svenske teikneserieskaparar