«Europapa» er ein song frå 2024 av den nederlandske artisten . Songen blei gjeven ut 29. februar 2024 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Klein blei diskvalifisert på finaledagen etter ei hending med ei kamerakvinne frå produksjonen.

Om songen «Europapa» blei komponert av Paul Elstak, Teun de Kruif, Thijmen Melissant og Dylan van Dael, med tekst skriven av Joost Klein, Donny Ellerström og Tim Haars. I intervju uttala Klein at songen er ei ode til Europa og eit «brev» til den avdøde faren sin, som lærte han at verda ikkje har nokon grenser. Klein sa at stilen til songen hentar inspirasjon frå 2 Unlimited og , og er ei blanding mellom den «typiske Eurovision-sjangaren» og .

«Europapa» hadde premiere under ein spesialepisode av De Avondshow met Arjen Luback 29. februar 2024.

Musikkvideo Musikkvideoen til «Europapa» er regissert av Véras Fawaz. Musikkvideoen inneheld av tidlegare Eurovision-deltakarar, som René Froger (2009, som var ein del av ) og S10 (2022), i tillegg til (den nederlandske poengopplesaren i 2019) og TikTok-arane Appie Mussa og Stuntkabouter, som begge var med på scena i Malmö saman med Klein.

Musikkvideoen hadde premiere live på De Avondshow med Arjen Lubach 29. februar 2024 klokka 16:45 CET, etterfølgd av ei utgjeving på Eurovision Song Contest-kanalen på YouTube ti minuttar seinare.

Eurovision Song Contest I Eurovision Song Contest deltok Klein og «Europapa» i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024, og tok seg vidare til finalen. På pressekonferansen etter semifinalen markerte Klein seg med å fliere gongar markere sin motstand mot Israel si deltaking i konkurransen. I etterkant av dette blei det klart at han ikkje ville få delta på kostymeprøvane før finalen, og heller ikkje på juryprøven, etter å ha blitt skulda for vald mot ein fotograf. EBU uttala i ei pressemelding at han «for tida undersøkjer ei hending rapportert til EBU som involverer den nederlandske artisten», og at «han ikkje kjem til å øve inntil vidare». Juryen måtte difor dømme framsyninga til Klein basert på eit opptak frå semifinalen, som blei vist på storskjerm i arenaen. På ettermiddagen den 11. mai, same dag som finalen, blei det klart at Klein hadde blitt diskvalifisert frå konkurransen.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Kroatia (Billboard) 3 Danmark (Tracklisten) 36 Global 200 (Billboard) 51 Hellas Internasjonal (IFPI) 6 Island (Tónlistinn) 6 Latvia (LAIPA) 1 Litauen (AGATA) 1 Luxembourg (Billboard) 7 New Zealand Hot Singles (RMNZ) 17 Noreg (VG-lista) 17 Polen (Polish Streaming Top 100) 14 Spania (PROMUSICAE) 60 USA Hot Dance/Electronic Songs (Billboard) 14 USA World Digital Song Sales (Billboard) 2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Europapa» frå , den 5. desember 2024.

Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Nederlandskspråklege Eurovision Song Contest-songar