«(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» (norsk omsetjing ‘Vi veit (garantert) ingenting om (desse) rusmidla’) er ein song med 5miinust og Puuluup. Songen blei gjeven ut 8. desember 2023, men blei fyrste gongen framført 23. desember 2023. Songen vann den estiske songtevlinga og var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» er skriven av medlemmane av {5miinust (Kristjan «Kohver» Jakobson, Priit «Lancelot» Tomson, Mihkel «Päevakoer» Tamm og Karl «Põhja Korea» Kivastik) og Puuluup (Marko Veisson og Ramo Teder) og produsert av Kim Wennerström. Ifølgje Veisson og Korea var songen inspirert av ei reise dei to tok. Medan han var på reisa, skal Veisson ha fortalt Korea at «han ikkje visste noko om [Koreas] narkotika». I ein analyse av poeten Joonas Veelmaa hevdar Veelmaa at songen prøver å «motbevise ein slags myte», noko som forsterkar at personen som høyrer på songen ikkje har rusmiddelavhengnad.
5miinust og Puuluup blei offisielt kunngjorde til å delta i Eesti Laul 2024 6. november 2023. Songen, saman med ein tilhøyrande musikkvideo, hadde offisiell premiere på sin digitale app 8. desember. Songen blei seinare framført live for fyrste gong 23. desember. Etter sigeren i Eesti Laul 2024, uttala Kohver planar om å endre teksten til songen for Eurovision Song Contest 2024.
I samsvar med regelverket til Eurovision Song Contest, som forbyr einkvar referanse til varemerke, måtte omtale av Lays-chips bli fjerna frå eit av versa i songen før konkurransen.
Eesti Laul og Eurovision Song Contest Eesti Laul 2024 Den 6. november 2023 blei det kunngjort at «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» var eit av tjue bidrag som skulle delta i Eesti Laul 2024. Songen enda på andreplass i semifinalen 20. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen 17. februar 2024. I finalen kvalifiserte songen seg til superfinalen og vann seinare superfinalen med 26 422 røyster; meir enn dobbelt så mange røyster som andreplassen. Som følgje av sigeren blei «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.
Eurovision Song Contest Estland deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai i Malmö. Der enda «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» på ein sjetteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda songen på ein 20. plass.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Estland Airplay (TopHit) 16 Hellas International (IFPI) 57 Latvia (LAIPA) 11 Litauen (AGATA) 16 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 7
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» frå , den 8. desember 2024.
Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Estiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2023