Deutsche Welle (DW) er ein tysk internasjonal kringkastingsorganisasjon. Han sender nyhende og informasjon på kortbølgjer og satellittradio på 29 språk. Fjernsyn blir kringkasta på tre språk, og nyhende på internett på 30 språk. Organisasjonen kan samanliknast med BBC World Service, Voice of America og Radio France Internationale.

Deutsche Welle har hatt regelmessige sendingar sidan 1953 Fram til 2003 heldt organisasjonen til i Köln, men han har no sete i det gamle føderale regjeringsområdet ved breidda av Rhinen i Bonn. Fjernsynssendingane blir produserte i Berlin, medan internettnyhenda blir produserte både i Berlin og Bonn.

Den 3. februar 2022 fekk Deutsche Welle sendeforbod i Russland. Forbodet var ein reaksjon på Tyskland sitt forbod mot den tyskspråklege versjonen av den russiek statskanalen Russia Today, RT DEI. Dagen etter, den 4. februar, blei Deutsche Welle sperra i Belarus, for fyrste gong sidan oppløysinga av Sovjetunionen.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Deutsche Welle» frå , den 9. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1953 Kategori:Den europeiske kringkastingsunionen Kategori:Tyske fjernsynskanalar