«Ramonda» (serbisk kyrillisk: Рамонда) er ein song frå 2024 med den serbiske artisten . Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om songen «Ramonda» er skriven av artisten sjølv, saman med Luka Jovanović og Andrijano Kadović. Songen refererer til blomen , som i det serbiske samfunnet blir sett på som eit symbol for kampen til det serbiske folket mot i den fyrste verdskrigen under . I songen blir blomen brukt som eit symbol for håp på grunn av blomen si evne til å gjenopplive seg sjølv i tilfelle han tørkar heilt ut, og samanliknar ramondaen og symbolikken kring han med tilbakegangen til landet etter felttoget. Som følgje av dette har songen blitt skildra som ein «patriotisk ballade».
Eurovision Song Contest «Ramonda» blei send inn til Pesma za Evroviziju '24, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest 2024. Songen blei plukka ut til tevlinga og kvalifiserte seg til finalen 2. mars etter å ha deltatt i semifinale 2 to dagar tidlegare. Songen vann finalen etter å ha blitt nummer ein hos juryane og nummer to hos sjåarane. Kombinert fekk songen flest poeng og blei det serbiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.
Serbia deltok i den fyrste semfinalen tysdag 7. mai i Malmö. I semifinalen blei «Ramonda» nummer ti og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11 mai. I finalen fekk songen 54 poeng og enda på 17. plass blant 25 deltakarar.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Kroatia (Billboard) 19 Litauen (AGATA) 66
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ramonda» frå , den 11. desember 2024.
Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar