«Rim Tim Tagi Dim» er ein song av og med den kroatiske artisten . Songen vann den kroatiske songkonkurransen Dora 2024 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om sangen «Rim Tim Tagi Dim» er skriven og komponert av Marko Purišić, kjend under artistnamnet Baby Lasagna. Ifølgje Purišić blei songen skriven av han sjølv på soverommet hans, og var inspirert av ei moglegheit han hadde til å ta ein jobb på eit cruiseskip som han avslo. Songen var opphavleg meint å vere utfyllingssong på det framtidige debutalbumet hans, Demons and Mosquitoes, men Purišić innsåg potensialet til songen etter at han steig i strøymetal og bestemte seg for å sende songen inn til Dora 2024. Den 2. januar 2024 blei «Rim Tim Tagi Dim» offisielt kunngjord som ein reservesong for den kroatiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2024, Dora 2024.
I ei rekkje intervju uttalte Purišić at songen var inspirert av ei av unge vaksne som forlét Kroatia for betre moglegheiter i framande land. For Purišić er songen «ei humoristisk og letthjarta tilnærming» til problemet. Sjølve songen fortel ein historie om ein ung, landleg mann som forlet landsbyen sin for eit betre liv i eit framandt land; sjølv om han er spent, er han fortsatt plaga av angst for å flytte. Purišić blei også inspirert av sin eigen angst. I songteksten fungerer «rim tim tagi dim» som namnet på ein fiktiv folkedans frå heimbyen til mannen. Lydmessig har «Rim Tim Tagi Dim» element av techno, heavy metal, pop og trap.
Dora 2024 og Eurovision Song Contest Dora 2024 Den 2. januar 2024 blei Purišić og «Rim Tim Tagi Dim» kunngjort som reservebidrag i Dora 2024, den kroatiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest, i tilfelle nokon skulle trekkje seg frå konkurransen. Dagen etter trekte artisten Zsa Zsa seg frå konkurransen, og Purišić overtok plassen hennar.
«Rim Tim Tagi Dim» klarte å kvalifisere seg frå semifinale 2, som blei arrangert 23. februar. Sundag 25. februar vann songen Dora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Som vinnar blei «Rim Tim Tagi Dim» det kroatiske bidraget til Eurovison Song Contest 2024.
Eurovision Song Contest Kroatia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. «Rim Tim Tagi Dim» vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda låten på andreplass med 547 poeng; 210 poeng frå juryane og 337 poeng frå sjåarane. Dette var den beste plasseringa til Kroatia i Eurovision Song Contest til då.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Australia Digital Tracks (ARIA) 18 Global 200 (Billboard) 139 Hellas internasjonal (IFPI) 4 Island (Tónlistinn) 15 Kroatia (Billboard) 1 Kroatia (HR Top 40) 1 Latvia (LAIPA) 6 Litauen (AGATA) 4 Litauen Airplay (TopHit) 36 Luxembourg (Billboard) 16 Nederland Tip (Dutch Top 40) 15 Noreg (VG-lista) 33 Polen (Polish Streaming Top 100) 28
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rim Tim Tagi Dim» frå , den 13. desember 2024.
Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar