Frank Bridge () var ein engelsk komponist frå 1900-talet.

Biografi Bridge var fødd i Brighton i England, og studerte ved Royal College of Music i London frå 1899 til 1903 med m.a. Charles Villiers Stanford som lærar. Før han for alvor vigde seg til å komponera både spelte han bratsj, og dirigerte. Han kom frå arbeidarklassen, og i motsetnad til kollegaer som Arnold Bax og Ralph Vaughan Williams måtte han tena til livsopphald gjennom arbeidet sitt. Komposisjon som trygt arbeid på heiltid blei det fyrst då han fekk økonomiske midlar frå millionæren Elizabeth Sprague Coolidge frå og med 1922. I samtida si var ikkje Bridge alltid anerkjend på same måte som ettertida har gjort, og mykje av ryet sitt oppnådde han faktisk gjennom den velkjende eleven sin Benjamin Britten. Denne hadde svært stor respekt for læraren sin, og i 1937 skreiv han verket Variations on a Theme of Frank Bridge, som byggjer på eit tema frå Three Idylls for String Quartet (1906) av Bridge. Fyrste verdskrigen gjekk kjenslemessig svært hardt inn på Frank Bridge, og då andre verdskrigen var på sitt mørkaste, i 1941, døydde han i Eastbourne i England.

Musikk Bridges komponerte dei tidlege verka sine i ein seinromantisk stil, og desse verka var dei fyrste som vann ry. Eit døme er orkesterverket The Sea (1911). Seinare utvikla han stilen sin, gjennom innverknad frå Den andre wienerskulen, og komponistar som Maurice Ravel og Aleksandr Skrjabin. Særleg stykke som den tredje (1926) og fjerde (1937) strykekvartetten er harmonisk svært avanserte og distinkte, men musikken hans manglar likevel aldri ei tydeleg lyrisk åre. Ein av dei mest karakteristiske harmoniane hans er Bridge-akkorden, til dømes c-moll og D-dur klingande samtidig, noko sam kan høyrast svært tydeleg i pianosonaten (1922–25). Blant mykje framførte verk er fiolinstykket «Moto perpetuo» (1900, rev. 1911), «Adagio in E» for orgel, «Rosemary» for piano og cellosonaten i d-moll (1913–17).

Verk

Scene

The Christmas Rose (opera)

Orkester

Enter Spring The Sea (1911) Summar Two Poems for Orchestra Oration, for cello and orchestra

Kammermusikk/Instrumentalt

String Quartet String Quartet No. 1 String Quartet No. 2 String Quartet No. 3 String Quartet No. 4 Phantasie Quartet Novelletten Three Idylls Londonderry Air Sir Roger de Coverley Sally in Our Alley Three Pieces for String Quartet Cello Sonata in D minor (1913–17) Two Pieces for Viola and Piano Pensiero Allegro appassionato Piano Trio Piano Quintet Miniatures String Sextet Suite for Strings

Orgel

Adagio ma non troppo (c. 1901) First Book of Organ Pieces (1905), Winthrop Rogers, 1917

Allegretto grazioso Allegro comodo Allegro marziale e ben marcato

Three Pieces for Organ (c. 1905), Novello, 1905

Andante moderato in C minor Adagio in E major Allegro con spirito in B flat major

Second Book of Organ Pieces (Nos 1 and 3 c. 1901, No 2 1912), Schirmer, 1914 (originally published in The Organ Loft, Books 100-December/103-March/105-May 1914)

Andante con moto Andantino Allegro ben moderato

Lento (In Memoriam C. H. H. P[arry]) (1918), H.F.W. Deane and Sons (No 7 of The Little Organ Book) Three Pieces for Organ (1939), J. Curwen, 1940

Prelude Minuet Processional

Piano

Pensées fugitives 1 (1902), Thames, 1992 Scherzettino (c. 1901-2), Thames, 1992 Moderato e (1903), Thames, 1992 Capriccio No 1 a (1905), Augener, 1905 Two Piano Solos: 1. A Sea Idyl[l]; 2. Capriccio No 2 f sharp (1905), Houghton and Co, 1906 Étude rhapsodique (1905), Thames, 1991 Dramatic Fantasia (1906), Thames, 1984 Three Sketches: 1. April; 2. Rosemary; 3. Valse capricieuse (1906), Winthrop Rogers, 1915 (No 2 arranged for orchestra (1938) and published as the first of Two Entr'actes, Hawkes and Son, 1939) Unnamed piece (c. 1906-8) Three Pieces: 1. Columbine; 2. Minuet; 3. Romance (1912, No 2 original version 1901), Augener, 1913 Three Poems: 1. Solitude; 2. Ecstasy; 3. Sunset Augener, 1915 Arabesque (1914), Augener, 1916 Characteristic Pieces: 1. Water Nymphs; 2. Fragrance; 3. Bittersweet; 4. Fireflies (1917), Winthrop Rogers, 1917 Miniature Pastorals, three sets (1917/1921/1921), Sets 1 and 2 Winthrop Rogers, 1917/1921, Set 3 Thames, 1978 (A March and three fragments (1921), originally intended for the Miniature Pastorals, completed and published as Miniature Suite, ed. P Hindmarsh, Thames, 1991) A Fairy Tale Suite: 1. The Princess; 2. The Ogre; 3. The Spell; 4. The Prince (1917), Augener, 1918 Three Improvisations: 1. At Dawn; 2. A Vigil; 3. A Revel for left hand only (1918), Winthrop Rogers, 1919 The Turtle's Retort (one-step) (c. 1919), Winthrop Rogers, 1919 The Hour Glass, Suite: 1. Dusk; 2. The Dew Fairy: 3. The Midnight Tide (1920), Augener, 1920 Sonata (1921–24), Augener, 1925 Three Lyrics: 1. Heart's Ease: 2. Dainty Rogue; 3. The Hedgerow (1921/1922/1924), Nos 1 and 2 Augener, 1922, No 3 Augener, 1925, No 1 also arranged for violin and piano (Augener, 1930) In Autumn: 1. Retrospect; 2. Through the Eaves (1924), Augener, 1925 Vignettes de Marseille, Suite: 1. Carmelita; 2. Nicolette; 3. Zoraida; 4. En Fête (1925), Thames, 1979, also Nos 2, 3 and 1 arranged for orchestra as Vignettes de Danse (1938), Boosey and Hawkes, 1938 Winter Pastoral (1925), Augener, 1928 Canzonetta (Happy South) (1926), Hawkes and Son, 1927, also arranged for orchestra (1926) and published as the second of Two Entr'actes, Hawkes and Son, 1939 Graziella (1926), Hawkes and Son, 1927 A Dedication (1926), Augener, 1928 Hidden Fires (c. 1926), Hawkes and Son, 1927 Gargoyle (1928), Thames, 1977

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frank Bridge» frå , den 17. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

FRANK BRIDGE (1879–1941)COMPOSER, COURAGEOUS REVOLUTIONARY AND PACIFIST av Rob Barnett MusicWeb International Frank Bridge pages med verkforteikning, utvald diskografi og biografi

Kategori:Folk frå Brighton Kategori:Engelske komponistar Kategori:Britiske komponistar Kategori:Komponistar frå 1900-talet