mini|Fransk elfenbeinsskulptur av Madonna med barn frå slutten av 1200-talet, 25 cm høg, kurva for å passa til forma på elfenbeintanna. Fransk kunst omfattar biletkunst og formgjeving (inkludert arkitektur, snikkararbeid, tekstilkunst og keramikk) som har opphav i det geografiske området dagens Frankrike. Landet har ei rekkje megalitt-monument frå ungpaleolitisk tid, den siste tredelen av eldre steinalder, og mange av dei mest imponerande funna av tidleg keltisk kunst frå jernalderen. Den galloromanske perioden let etter seg ein distinkt regional skulpturstil, og området kring dagens grense mellom Frankrike og Tyskland var den fremste i Romarriket for masseproduksjon av fint dekorert keramikk, som så blei sendt til Italia og andre stader i stor skala. Med merovingarane byrjar fransk stil som eit eige, innverknadsrikt element i den vidare utviklinga av kunsten til det kristne Europa.

Historie Førhistorie venstre|mini|Venus frå Brassempouy framanfrå og frå sida. Den eldste kjende europeiske kunsten frå ungpaleolitikum for mellom 40.000 og 10 000 år sidan og Frankrike har eit stort utval av utbod av eksisterande prehistorisk kunst frå châtelperronien-, aurignac-, solutréen-, gravettien- og magdalénienkulturen. Denne kunsten inkluderer holemåleri, som dei berømte måleria i Pech Merle i Lot i Languedoc frå kring 16 000 f.Kr., Lascaux, som ligg nær Montignac i Dordogne og stammar frå mellom 13 000 og 15 000 f.Kr., eller kanskje så langt tilbake som 25 000 f.Kr., Cosquerhola, Chauvethola frå 29 000 f.Kr. og Trois-Frères-hola. berbar kunst, som dyreutskjeringar og gudinnestatuettar kjende som venusfigurar, som Venus frå Brassempouy frå 21 000 f.Kr., oppdaga i Landes, no i museet ved Château de Saint-Germain-en-Laye, eller Venus frå Lespugue, no ved Musée de l'Homme. Dekorative perler, beinnåler, utskjeringar og pilspissar av flint og stein er òg blant dei forhistoriske gjenstandane funne i området som no utgjer Frankrike. høgre|mini|Menec-steinane. I yngre steinalder byrja ein reisa megalittiske eller store steinmonument, som dolmenar og menhirar ved Carnac, Saint-Sulpice-de-Faleyrens og andre stader i Frankrike. Desse monumentet byrja ein truleg å laga i det femte tusenåret f.Kr., sjølv om nokre forfattarar meiner tradisjonen kan ha røter i mellomsteinalderen. I Frankrike finst det rundt 5000 megalittiske monument, hovudsakleg i Bretagne, som har den største konsentrasjonen. I dette området finst det att godt bevarte slike monument i ei rekkje stilar. Gavrinis-cairnen sør i Bretagne er eit framståande døme på megalittisk kunst: den 14 meter lange indre korridoren er nesten fullstendig dekorert med ornamentale utskjeringar. Den store brotne menhiren i Er-Grah, som no er i fire stykke, var opphavleg over 20 meter høg, noko som gjorde han til den største menhiren ein kjenner til. Frankrike har òg mange måla steinar, polerte steinøkser og innskrivne menhirar frå denne perioden. Grand-Pressigny-området var kjent for dyrebare steinblad og dei blei eksporterte i stor utstrekning i den yngre steinalderen.

Keltisk og romersk tid venstre|mini|portrett|Agrishjelmen Frå dei proto-keltske Urnfield- og Hallstatt-kulturane utvikla det seg ein kontinental keltisk kunsttradisjon i jarnalderen. Han var særleg knytt til La Tène-kulturen, som bløma i den seine jernalderen frå 450 f.Kr. til den romerske erobringa i det fyrste hundreåret f.Kr. Denne kunsten stamma frå innfødde og klassiske kjelder og kanskje også frå Middelhavet og Orienten. Keltarane i Gallia er kjende for mange graver og gravhaugar som er funne over heile Frankrike.

Keltisk kunst er svært ornamentert. Ein unngår rette linjer og nyttar berre tidvis symmetri, og driv ikkje naturetterlikning eller følgjer venleiksideala som var sentrale i den klassiske tradisjonen. Tilsynelatande har kunsten kompleks symbolisme. Kunstverka omfattar ei rekke stilar og innlemmar ofte subtilt modifiserte element frå andre kulturar, for til dømes den karakteristiske over-under-flettinga som fyrst kom til Frankrike på 500-talet, sjølv om det allereie var nytta av germanske kunstnarar. Den keltiske Vix-grava i dagens Bourgogne inneheldt den største bronse-krateren frå antikken, som truleg var blitt importert frå Hellas av keltiske aristokratar. høgre|mini|Théâtre antique d'Orange

Mellomalderen

Merovingisk kunst Merovingisk kunst stammar frå det frankiske merovingar-dynastiet, som varte frå det 400- til 700-talet i dagens Frankrike og Tyskland. Dette dynastiet medførte viktige endringar i kunsten. Innan arkitektur var det ikkje lenger ei ønskje om å byggja sterke og harmoniske bygningar. Skulpturen gjekk tilbake til å vera lite meir enn ein enkel teknikk for dekorasjon av sarkofagar, alter og kyrkjemøbler. På den andre sida førte veksten til gullarbeid og manuskriptilluminasjon til ei gjenoppståing av keltisk dekorasjon. Planane for dei var nok kopierte frå romerske basilikaer. Trebygningane frå denne tida har ikkje overlevd på grunn av brann, anten tilfeldig eller forårsaka av herjingane til normannarane.

Karolingisk kunst mini|Aachen-evangelia, ca. 820, eit døme på karolingisk illuminasjon. Karolingisk kunst stammar frå den rundt 120 år lange perioden frå 750 til 900, under styra til Charles Martel, Pippin den yngste, Karl den store og deiumiddelbare arvingane hans. Tida er kjend som den karolingiske renessansen. Den karolingiske epoken er den fyrste perioden av den mellomalderske kunstrørsla som er kjend som pre-romansk. For fyrste gong protesterte nord-europeiske kongar med klassiske romerske kunstformer frå middelhavslanda, og blanda klassiske former med germanske for å skapa heilt nye innovasjonar i figurteikningar og gjorde klart for romansk kunst og seinare gotisk kunst i Vesten. høgre|mini|Sentral tympaon av narteks i Vézelay_Abbey" id="mw9A" rel="mw:WikiLink" title="Vézelay Abbey">Vézelay Abbey i Vézeley, 1140-1150

Romansk kunst Romansk kunst viser til vesteuropeisk kunst frå ein periode på hundre og femti år, frå ca. år 1000 til framveksten av gotisk stil på midten av 1100-talet i Frankrike. Kunststilen er karakterisert av ei fornya interesse for romerske byggeteknikkar og dekorasjonar. For eksempel har kapitelane i klosteret i Saint-Guilhem-le-Désert frå 1100-talet eit akantusbladmotiv og dekorativ bruk av borehol, noko som ofte blei funne på romerske monument. Andre viktige romanske bygningar i Frankrike inkluderer klosteret Saint-Benoît-sur-Loire i Loiret, kyrkjene Saint-Foy i Conques av Aveyron, Saint-Martin i Tours, Saint-Philibert i Tournus av Saône-et-Loire, Saint-Remi i Reims og Saint-Sernin i Toulouse. Spesielt opplevde Normandie ei stor byggingskampanje i kyrkjene i Bernay, Mont-Saint-Michel, domkyrkja i Coutances og Bayeux. venstre|mini|397x397pk|Inne i Chapelle Haute i Sainte Chapelle i Paris.

Gotikk høgre|mini|Den vestlege (kongelege) portalen ved domkyrkja i Chartres frå kring 1145 med nokre av dei eldste gotiske skulpturane. Gotisk kunst og arkitektur var frambygd av ein middelaldersk kunstørsla som varte rundt tre hundre år. Stilen byrja i Frankrike, der han utvikla seg frå den romanske perioden på midten av 1100-talet. På slutten av 1300-talet hadde han utvikla seg til ein meir sekulær og naturleg stil kjent som internasjonal gotikk. Dennne varte ved fram til slutten av 1400-talet, då han utvikla seg vidare, til renessansekunst. Dei viktigaste gotiske kunstformene var skulptur, panelmåleri, glasmåleri, freskomåleri og illuminerte manuskript. venstre|mini|300x300pk|Goldenes Röss, om lag 1402, laga i Paris for kong Karl VI.

mini|Side frå Ingeborg-psalteret frå Nord-Frankrike, ca. 1195. venstre|mini|Enguerrand Quarton, Kroninga av jomfrua, 1452-53

Tidleg moderne tid høgre|mini|Jegeren Diana, 1550-1560 Kunst frå Frans I til Henrik IV si tid er ofte sterkt inspirert av seinare italienske utviklingar innan biletkunst som vanlegvis blir kalla manierisme, og som mellom anna er knytt til seinare verk av kunstnarar som Michelangelo og Parmigianino. Denne kunsten er karakterisert av figurar som er lange og grasiøse, basert på visuell retorikk, inkludert den utstrekte bruken av allegori og mytologi. Kanskje den største kunsten i den franske renessansen var bygginga av slotta i Loire-dalen. Dei var ikkje lenger tenkt som festningar, men nytta dei rike landområda kring Loire og synte framifrå arkitektonisk dugleik.

Nokre viktige franske arkitektar som følgde renessansstilen er Pierre Lescot, som bygga opp att ein del av Louvre-palasset til kongen, Philibert Delorme, Jean Bullant og Jacques I Androuet du Cerceau.

Barokk og klassisisme venstre|mini|Røvinga av sabinekvinnene av Nicolas Poussin, 1634-35 1600-talet var ein gullalder for fransk kunst på alle felt. I den tidlege delen av hundreåret heldt seinmanieristiske og tidlege barokke tendensar fram å bløma i hovudet til Marie de Medici og Ludvig XIII. Kunst frå denne perioden viser innverknad frå både Nord-Europa, i form av den hollandske og flamske skulen, og frå romerske målarar knytte til motreformasjonen. Kunstnarar i Frankrike diskuterte ofte dei kontrasterande verdiane til Peter Paul Rubens frå den flamske barokken med lystfulle linjer og fargar mot Nicolas Poussin og den rasjonelle kontrollen, proporsjon og romerske klassiske barokk stilen hans. Ein annan forkjempar for klassisismen som verka i Roma var Claude Gellée, kjent som Le Lorrain, som definerte den klassiske landskapsforma.

Mange unge franske målarar frå byrjinga av hundreåret drog til Roma for å få opplæring, og tok raskt til seg påverknad frå Caravaggio, til dømes Valentin de Boulogne og Simon Vouet. Sistnemnde blir rekna for å ha ført barokken til Frankrike, og då han vende tilbake til Paris i 1627 blei han utnemnd til fyrstemålar for kongen. Men fransk målarkunst skilde snart lag med den italienske barokken, og målarar som Eustache Le Sueur og Laurent de La Hyre, som etterlikna Poussin, utvikla ein klassistisk sti kjend som parisisk atticisme, som var inspirert av antikken, og fokuserte på proporsjon, harmoni og viktigheita av teikning. Sjølv Vouet endra stil etter at han var komen tilbake frå Italia, til ein meir avmålt men likevel svært dekorativ og elegant stil. mini|271x271pk|Georges de La Tour, Den angrande Magdalena, ca. 1640.

Rokokko og nyklassisisme