Ibelin er ein norsk frå 2024, regissert av . Filmen fortel historia om Mats Steen, som leid av , ein sjukdom som fører til gradvis svekking av musklane.

Filmen skildrar korleis Steen, trass sin fysiske tilstand, levde eit rikt digitalt liv gjennom videospelet World of Warcraft. Filmen, som er Ree sin tredje, hadde premiere på og . Filmen har vunne fleire norske og internasjonale prisar, og blei blant anna kåra til beste norske film under og mottok to prisar under Sundance filmfestival.

Handling Dokumentarfilmen fortel historia om Mats Steen, som var råka av Duchennes muskeldystrofi. Etter at han døydde i 2014 oppdaga foreldra hans at han hadde etablert eit stort, internasjonalt nettverk av venar gjennom videospelet World of Warcraft. Rollefiguren hans i dette spelet heitte «Ibelin», og dokumentarfilmen har namn etter alter egoet til hovudpersonen.

Om produksjonen Filmen er basert på 75 timar med videoopptak og tusenvis av loggførte samtalar frå spelet. Desse ressursane blei brukte til å attskape livet til Steen i World of Warcraft. Delar av filmen foregår i speluniverset, der avataren til Steen, «Ibelin», blir levandegjord gjennom animasjon. Filmen tek for seg både perspektivet til Steen og opplevingane til spelvenane hans.

Ree og produksjonsselskapet gjennomførte filmprosjektet utan løyve frå spelselskapet Blizzard Entertainment, som eig rettane til World of Warcraft. Etter å ha vist filmen til leiinga i Blizzard, fekk Ree til slutt godkjenning av produksjonen.

Mottaking Filmen blei godt mottatt ved premieren. Skildringa av dei sosiale relasjonane i rollespel-verda blei framheva. Filmmeldar i Aftenposten skreiv blant anna: «Dokumentaren om ham, rørte meg til tårer.». Etter premieren sikra Netflix seg rettane til filmen. Filmen hadde ordinær noregspremiere i mars 2024.

Etter at filmen blei lansert på Netflix kalla Medietilsynet ein ny pris opp etter rollefiguren til Steen, Ibelinprisen, for unge personar mellom 9 og 18 år som er med i ein klubb som driv med dataspel, og er gode rollemodellar for dataspelkulturen.

I desember 2024 blei filmen tildelt prisen Aamot-statuetten.

Prisar og nominasjonar Pris Kategori Nominert/vinnar Resultat 2024 Beste regi, dokumentar Juryprisen, dokumentar Publikumsprisen for beste dokumentar 2024 Publikumsprisen 2024 2024 Freedom Award Beste norske film Beste dokumentarfilm Beste regi Beste klipp Beste visuelle effektar , , , , og 2024 Ungdomsjuryprisen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ibelin» frå , den 25. desember 2024.

Kategori:Norske filmar Kategori:Filmar frå 2024 Kategori:Vinnarar av Amandaprisen