Doboj Jug (bosnisk kyrillisk Добој Југ) eller Sør-Doboj er ein kommune i kantonen Zenica-Doboj innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen. Hovudsete i kommunen er landsbyen Matuzići.

Etter Daytonavtalen vart byen Doboj og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Den bosniske serbarrepublikken. To mindre delar vart liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina som kommunane Doboj Istok (Aust-Doboj) og Doboj Jug.

Folketal Busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 1991 Folketal 2013 Matuzići 1 783 2 591 1 476 1 546 Kommunen Doboj Jug 3 259 4 137

Kjelder Referansar

Kategori:Kommunar i kantonen Zenica-Doboj