Anniken Obaidli () er ein norsk handballspelar frå Molde som sidan 2021 har vore aktiv for Storhamar Idrettslag. Ho vart europameister 2024 og verdsmeister 2025 med Noreg.
Karriere Klubbspel Obaidli, som er midtre rykkromspelar (spelstyrar), spelte på Molde HK sitt lag frå 2010 til 2021, med unnatak for vårsesongen 2013 då ho spelte for Levanger HK og sesongen 2013/14, då ho var Tertnes-spelar. Sidan sommaren 2021 har ho gjort teneste i topplaget Storhamar. Med Storhamar vart ho norsk meister 2024.
Landslagsspel Obaidli deltok i 2015 i fire av Noregs landskampar, og i 2021-22 i tre landskampar. På tampen av 2024 fekk ho sin meisterskapsdebut i Handball-EM 2024. Her var ho med å vinne over Danmark i finalen, utan sjølv å få speletid. Obaidli har delteke i 19 landskampar og skåra 20 mål.
Merittar EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anniken Obaidli» frå , den 6. januar 2025. Anniken Obaidli i handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Molde