Hundreviseboka er den folkelege tittelen på ei visesamling gitt ut av den danske historikaren Anders Sørensen Vedel i 1591. Den fulle tittelen i barokkstil er:
It Hundrede udvaalde Viser om allehaande Merckelige Krigs Bedrifft oc anden seldsom Eventyr som sig her udi Riget ved Gamle Kemper Naffnkundige Konger oc ellers forneme Personer begiffuet haffuer aff arilds tid indtil denne nerværendis Dag.Jostein Fet: Stemmar frå ei fjern tid (s. 98), Samlaget, Oslo 2014, ISBN 978-82-521-8426-6
Boka inneheldt gamle viser som Vedel hadde samla frå visehandskrifter og munnleg tradisjon, mesteparten er den typen viser kjendr som kallar balladar. Då han vitja Hven i 1586, bad dronning Sophie han om eit utval reinskrivne viser, og han sørgde deretter for ei trykt utgåve til glede for allmugen. Utgjevinga var utan sidestykke i noko anna land, og samlinga fekk i løpet av 1600-talet enorm utbreiing i befolkninga gjennom talrike gjenopptrykk.Harald Ilsøe: Anders Sørensen Vedel i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 21. november 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=298949
I 1695 gav Peder Syv ut boka på nytt og la til endå hundre viser. Denne boka blei kalla Tohundreviseboka eller Kjempeviseboka, og kom i stadig nye opplag utover 1700-talet. Boka blei òg svært populær i Noreg og på Færøyane, og norsk balladetradisjon er sterkt påverka av Kjempeviseboka.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hundreviseboka» frå , den 8. januar 2025.
Kategori:Visesong Kategori:Bøker frå 1500-talet Kategori:Danske bøker Kategori:Songbøker