Historiske bygningar i Kyoto består av 17 kulturminne i Japan, i dei tre byane Kyoto og Uji i Kyoto prefektur og Ōtsu i Shiga prefektur. Av monumenta er 13 buddhisttempel, tre er shintoheilagdommar og eit er ei japansk borg. Stadene omfattar totalt 38 bygningar som er rekna som nasjonale skattar av japanske styresmakter, 160 stader rekna som viktige kulturelle stader, åtte hagar rekna som spesielt vakre stader, og fire rekna som vakre stader. Stadene kom med på UNESCO si verdsarvliste i 1994.

Historie Buddhismen var allereie blitt introdusert frå Kina, og kinesisk kultur hadde ein avgjerande påverknad på Japan då hovudstaden blei flytta frå Heijo-ko (Nara) til Kyoto under namnet Heian-ko i 794. Denne byen blei utvikla til keisarhovudstaden i Japan, og var inspirert av Kina på alle måtar.

Ein borgarkrig i år 1185 førte til at det blei innført eit samuraimilitært i Kamakum, men hovudstaden blei verande i Kyoto. Sekisui-in i Kozan-ji er det beste dømet på arkitektur som er typisk for denne perioden, som enda i år 1332 med danninga av muromachi-shogunatet. I denne perioden blei det bygd store tempel som Temyu-ji, og i tillegg blei det anlagt zen-hagar. Saiho-ji er eit godt døme på dette.

Området var sentrum for japansk kultur i over tusen år, og illustrerer på ein detaljert måte utviklinga av japansk trearkitektur, særleg med omsyn til religiøse bygningar, i tillegg til kunsten å laga vakre japanske hagar. Området har vore til inspirasjon og påverknad for hagar over heile verda.Historiske bygninger i Kyoto og området rundt, (engelsk), UNESCOs hjemmeside, besøkt 26. mars 2011Historic Monuments of Ancient Kyoto (Kyoto, Uji and Otsu Cities), video fra Unescos hjemmeisde, besøkt 25. mars 2011

Då Kyoto blei modernisert på 1800-talet blei den kulturelle arven i byen neglisjert. Dei nasjonale styresmaktene blei merksame på kva som var i ferd med å skje, og introduserte dei fyrste føresegnene om vern av antikvariske stader i 1871. Dette blei følgd opp i 1897 med ei eiga lov for bevaring av jinjaer og tempel. Dette var byrjinga på bevaringa av slike historiske stader i Japan.

Utvalskriterium for verdsarvlista Kyoto har mange historiske bygningar. Dette er unikt i Japan, sidan fleire japanske byar har mista bygningane sine i samband med invasjonar og krig. Kyoto har derfor den høgaste konsentrasjonen av kulturelle eigedommar i heile Japan. Dei 17 eigedommane som er sette på Verdsarvlista stammar frå ein periode frå 900-talet til 1800-talet, og kvar av dei er representative for den perioden dei blei bygde i. Den historiske tydinga til Kyoto-regionen blei teken med i UNESCO-prosessen då stadane blei vurderte som verdsarv.

Liste over stader NamnTypePosisjonBilde eller shrineJinjaKyoto Kyoto Kita-kuKyoto, 150x150pk eller (shrineJinjaKyoto Kyoto Sakyou-kuKyoto, 150x150pk ()temple ShingonShingon buddhistisk tempelKyoto Kyoto Minami-kuKyoto, 150x150pktemple IndependentUavhengig buddhistisk tempelKyoto Kyoto Higashiyama-kuKyoto, 150x150pktemple TendaiTendai buddhistisk tempelShiga OotsuŌtsu, 150x150pktemple ShingonShingon buddhistisk tempelKyoto Kyoto Fushimi-kuKyoto, 150x150pktemple ShingonShingon buddhistisk tempelKyoto Kyoto Ukyou-kuKyoto, 150x150pktemple Jodo shu TendaiBuddhistisk tempel, både Jōdo shū og tendaiKyoto UjiUji, 150x150pkshrineJinjaKyoto UjiUji, 150x150pktemple ShingonShingon buddhistisk tempel frå Omuro-skulenKyoto Kyoto Ukyou-kuKyoto, 150x150pk eller temple RinzaiRinzai Zen buddhistisk tempelKyoto Kyoto Nishikyou-kuKyoto, 150x150pktemple Rinzai TenryuRinzai Zen buddhistisk tempel frå Tenryū-skulenKyoto Kyoto Ukyou-kuKyoto, 150x150pk eller temple RinzaiRinzai Zen buddhistisk tempelKyoto Kyoto Kita-kuKyoto, 150x150pk eller temple RinzaiRinzai Zen buddhistisk tempelKyoto Kyoto Sakyou-kuKyoto, 150x150pktemple Rinzai MyoushinjiRinzai Zen buddhistisk tempel frå Myōshinji-skolenKyoto Kyoto Ukyou-kuKyoto, 150x150pktemple Jodo ShinshuJodo Shinshu buddhistisk tempelKyoto Kyoto Shimogyou-kuKyoto, 150x150pkcastleJapansk borgKyoto Kyoto Nakagyou-kuKyoto, 150x150pk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Historiske bygninger i Kyoto» frå , den 19. januar 2025.

Kategori:Byggverk i Japan Kategori:Verdsarv i Japan Kategori:Byggverk i Kyoto