mini|Kronkinga av Aleksander III som konge av Skotland i 1249. Han blir helsa av ollam rígh Alban, den kongelege ollamen i Skottland, med proklamasjonen Benach De Re Albanne (‘Gud signe kongen av Skotland’). Ollam eller ollamh var ein meister innan eit visst yrke eller dugleik innan tidleg irsk litteratur.
Skaldeskap Vanlegvis viste ollam til ein profesjonell diktar eller skald av litteratur og historie. Denne hadde den høgaste av dei sju filí-rangene, og blei nådd etter minst tolv år med studiar.Breatnach, P. A., 'The Chief's Poet', Proceedings of the Royal Irish Academy, 83 (1983), 37–79
Som ein del av det kongelege hoffet kunne ein ollam kombinera funksjonane til ein diktar, historieforteljar og historikar, og kunne attgje ei nøyaktig ættetavle.Breatnach, Liam. Uraiceacht na Riar: The Poetic Grades in Early Irish Law (Dublin, 1987) Yrket var vanlegvis ein familietradisjon.MacKillop, James. A Dictionary of Celtic Mythology, OUP, 2004
Allereie i 574 blei medlemmar av klanen Ó hUiginn (O'Higgins) omtalte som arvelege diktar ved hoffa til irske fyrsta og hovdingar.The Book of Glendalough, Rawlinson MS B 502 Oxford, Bodleian Library c. AD 1130 Med dette fekk dei ein adelsstatus som var nest etter kongen, og hadde rett til å ha på seg klede med like mange fargar som han.
Annan bruk Ordet blei òg brukt for å visa til den høgaste medlemmen av ei gruppe; slik at ein ollam brithem var den høgaste rangen av dommar, og ein ollam rí den høgaste rangen av konge. Ollav blei òg brukt om ein druiderang, stort sett med same tyding som «professor», eller «person med stor lærdom».
Det fanst ei offisiell stilling i det gamle Irland som heitte "Rí Ollam" eller "Ard Ollam" Den som hadde posten hadde rang lik den til overkongen av Irland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ollam» frå , den 27. januar 2025.
Kategori:Diktarar Kategori:Irsk litteratur Kategori:Irske ord og uttrykk