Argentinamåse (Larus atlanticus) er ein måseart som hekkar i eit avgrensa område langs atlanterhavskysten i Argentina. Utanom hekketida kan han streife frå sørlegaste Brasil til sørlegaste Chubut i Argentina. Tidlegare vart han rekna som ein underart av den svært like skarvmåsen (Larus belcheri). På grunn av eit avgrensa hekkeområde og trugsmål frå tap av leveområde, er han vurdert som «nær truga» (NT) av IUCN.

Skildring mini|venstre|Argentinamåse, ikkje hekkedrakt Argentinamåsen er ein stor måse med kvitt hovud, hals, overgump, bryst og buksider. Ryggen og vengene er svarte, med ei kvit bakkant på vengene. Stjerten er kvit med eit breitt svart band bakerst. Nebbet er gult med eit svart band og raud spiss. Auga er brune med ei raud augering, medan beina og føtene er matt gule. Måsen måler mellom 50 og 60 cm i lengd og har eit vengespenn på 130 til 140 cm. Hannane er noko større enn hoene. Ungfuglane har svart hovud og brunleg fjørdrakt. I vinterdrakt får dei vaksne fuglane eit svartaktig hovud og ei kvit augering.

Utbreiing

Argentinamåsen finst langs atlanterhavskysten i Argentina, Uruguay og Sør-Brasil. Han hekkar i eit svært avgrensa område mellom 38,49° og 45,11°S, der om lag to tredelar av populasjonen hekkar i estuaret til Bahia Blanca-elva lengst sør i Buenos Aires-provinsen. Reira blir plasserte på bakken like over høgvasslinja, på låge øyar og holmar. Utanom hekketida kan ein finne han langs steinete kystar, i hamner, på strender, ved kystlagunar, i brakkvatn og estuar.

Åtferd

I hekketida lever argentinamåsen hovudsakleg av krabbar, som han plukkar frå den eksponerte stranda eller havbotnen medan han går eller sym, eller ved å dukke under overflata i grunt vatn.

Utanom hekketida supplerer han kosthaldet med muslingar og børsteormar. Han kan også ete insekt, sniglar, fisk og fiskeavfall, og blir stundom observert ved kloakkutslepp og søppelfyllingar.

Hekking

Hekkesesongen startar i september og oktober. Argentinamåsen er monogam og hekkar i tette koloniar. Reiret blir bygd på berg, sand eller grus og er vanlegvis fora med vegetasjon, men kan også innehalde tang, fjører, skjel eller fiskebein. Hoa legg to eller tre olivenbrune egg med brune flekkar, og ruginga varer om lag 30 dagar. Ungane blir flygedyktige mellom november og januar, avhengig av kvar kolonien er lokalisert.

Trugsmål Trugsmåla er mange former for menneskeleg aktivitet inkludert sportsfiske, turisme, eggsanking, utslepp og ureining frå oljeraffineri og frå annan industri. Den totale populasjonen er rekna til ca. 15 000 vaksne individ og det finst ikkje prov på at han minkar.

Kjelder

Denne artikkelen er dels ei omsetting av «Olrog's gull» frå , den 2. februar 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien