Pusan, au kalla Busan, er ein by i Sør-Korea, ved Koreastredet. Han er den største hamnebyen i Sør-Korea med eit folketal på om lag 3,2 millionar i 2015. Han ligg søraust i landet i Nakdonggangdalen. Byen ligg 300 km søraust for Seoul.

Pusan har ei stor konteinarhamn og står for størstedelen av utanrikshandelen og ferjetrafikken i landet. Han har allsidig industri med skipsverft, jernbaneverkstad, tekstil-, bil- og gummivarefabrikkar, kjemisk, tre- og papirindustri og høgteknologisk industri.

Byen har fleire universitet og ei rekkje andre utdanningsinstitusjonar. Han har eit historisk og kulturelt museum og mange krigsminnesmerke, mellom anna eit SN-minnesmerke over dei falne i Koreakrigen. Eit stort buddhisttempel i byen blei grunnlagd i 678 og rekonstruert i 1717.

Hamna blei opna for japansk handel i 1876 og for internasjonal handel i 1883. Under Koreakrigen var Pusan den viktigaste forsyningshamna for amerikanarane.

I 2002 var byen vert for Asialeikane og ein av vertsbyane for FIFA-verdscupen i fotball same år.

Kjelder

Kategori:Byar i Sør-Korea