miniatyr|Feministhuset i ei av bryggjene i Trondheim, Kjøpmannsgata 51 Feministhuset i Trondheim opna i 2020, som det fyrste permanente feministhuset i Noreg. I mars 2016 opna fungerande ordførar eit POP-UP feministhus i eit tidlegere butikklokale i i byen. Huset var ope i 19 dagar med eit variert program. Produsent var . Ho hadde då i mange år vore ein av dei viktigaste pådrivarane for å få eit eige feministhus i Trondheim og såg dette prosjektet som eit uttrykk for at kvinnekampen var på opptur: «Utgangspunktet for feministhuset er at vi mener det går fryktelig sakte, blant annet når det gjelder vold mot kvinner. I tillegg mener vi det er viktig å skape en arena der kvinner får mulighet til å vise seg fram».
miniatyr|Wall of Feminism i Olavskvartalet i Trondheim
Etter at POP-UP feministhuset hadde atteroppstått i mars kvart år i perioden 2016–2019, løyva Trondheim bystyre 300 000 kroner til etablering av eit permanent feministhus. Bakgrunnen for huset var at feministorganisasjonane i Trondheim ønskte å ha eit felles, fysisk rom. Feministhuset har blant anna som formål å kommunisere utetter kva feminisme faktisk er.
Feministhuset i Trondheim blei formelt skipa 15. januar 2020. Like etter opninga måtte huset stengje på grunn koronapandemien, men hausten 2021 tok aktiviteten seg opp. Feministhuset vil vidareføre engasjementet frå POPUP Feministhus, og vere ein stad for kvinneorganisasjonar og feministar av alle slag, organiserte og uorganiserte. Huset er finansiert av Trondheim kommune, leigeinntekter og medlemskap i Feministhuset. Leigetakarar i 2024 var Trondhjem Sanitetsforening, , Kvinnefronten Trondheim, , Kvinnegruppa Ottar Trøndelag, Midtbyen Husflidslag, Kvinneligaen for Fred og Fridom Trondheim, 8. marskomiteen og .
Kvar av organisasjoane som er leigetakarar i feministhuset har eigne arrangement. I tillegg har dei felles prosjekt og arrangement. Døme er Wall of Feminism, skrivesirklar, kvinnehistoriske vandringar og Kvinnetekstivalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Feministhuset i Trondheim» frå , den 5. februar 2025.
Kategori:Byggverk i Trondheim Kategori:Feminisme i Noreg Kategori:Skipingar i 2020