Dan Turèll () var ein dansk forfattar som skreiv poesi, prosa og etterkvart kriminallitteratur.
Liv høgre|mini|Grava til Dan Turèll
Dan Turèll blei fødd på Frederiksberg Hospital og flytta til Vangede ved København som 9-åring. Han var deneldste av fem sysken. Far hans var elektrikaren Helmuth Turèll-Jensen, som var av fransk avstamming, medan mora Inge Turèll-Jensen var av tysk avstamming. Dan var elev ved Akademisk Studenterkursus.Line Kjær Jørgensen: Fælles om forskellighed. Studenterkursernes historie fra 1850-2017.
Dan Turèll livnærte seg gjennom ei rekkje ulike jobbar til han kunne leva av forfattarskapen sin. I 1975 slo han igjennom med boka Vangede billeder. Utover forfattarskapen sin arbeidde han som journalist, og var songskrivar for beatgruppene Blue Sun og Burnin Red Ivanhoe.
19. mars 1982 gifta han seg med skodespelaren og forfattaren Inge Margrete Svendsen, som då endra namn til Chili Turèll.
Dan Turèll døydde av kreft i 1993. Han er gravlagd på Assistens Kirkegård i København.
Virke Verka til Turèll har ofte eit skjer av sjølvbiografi eller sjølviscenesetjing. I levetida si blei han ein kultfigur i heimlandet. Han delte motiv med dei amerikanske forfattarane frå beat-generasjonen (Allen Ginsberg, Jack Kerouac, William Burroughs); jazz, storbyar, narkotika og zen, og han hadde auge for dei estetiske dimensjonane ved forfall og degenerering. Det siste dyrka han ikkje minst i kriminalromanane sine.
Dan Turèll elska livet og larmen til byen, og dei mange små historiene han gøymer. Denne kjærleiken til storbyen går også att i mange av historiene hans. Skildringane hans av byen har likevel ofte eit romantiserande preg.
Søndag den 19. mars 2006 blei ein del av Halmtorvet i København (Halmtorget 13A-E, Vesterbro) kalla opp etter Dan Turèll som Onkel Dannys plads.
Politikk Dan Turèll var kjend for dei mange venstreorienterte synspunkta sine, som også kom til uttrykk i mange av bøkene hans. Særleg i Vangede Billeder, der han talar imot det konservative styret i Gentofte og skildrar det kommunistiske og sosialdemokratiske miljøet i Vangede. I Onkel Danny Fortæller finst det fleire skildringar av venstrefløyssaktiviteter frå ungdomstida til Turèll. Som ung var Dan Turèll m.a. med i Socialistisk Ungdoms Forum, som var ein ungdomsorganisation til Socialistisk Folkeparti. Dan Turèll bidrog også med artiklar til det sosialistiske magasinet Aspekt.
Dei politiske ideane til Turèll følgde ikkje den strenge oppdelinga som ideologiane sjølv gjorde. I diktet «MENTALT MANIFEST/SCHIZOFREN SYMFONI» erklærte han seg t.d. både som buddhist, yoga-utøvar, anarkist og sosialist.
Mordserien Dan Turèll forfatta den såkalla Mord-serien, i alt 12 kriminalromanar, i perioden 1981 til 1990. Serien går hovudsakleg føre seg i ein omdikta versjon av Vesterbro i København. Turèll sin versjon av Vesterbro er både meir romantisk og meir kriminell enn røyndommen, og geografien i bøkene stemmer heller ikkje heilt med den verkelege verda.
Serien krinsar om ein anonym journalist som tilsett i ei fiktiv københavnsk avis som heiter Bladet.
Bibliografi Romanar, noveller og dikt Vibrationer, dikt, 1966 40 ark, dikt, 1969. 40 linier, dikt, 1969. Changes of Light, 1970. Manuskripter 1-2, 1970. Occult Confessions, 1970. Områder af skiftende tæthed og tomhed, prosa, 1970. Speed of Light, 1970. Bevægelser, formålsløst cirklende, 1971. Manuskripter om hvad som helst, 1971. The Total-Copy System, dikt, 1971. A Draft of XXX Space Cantos, dikt, 1972. Feuilleton 1: Faraway Signs, 1972. Feuilleton 2: Laser Time Switch, 1972. Feuilleton 3: Filmen synker igennem Deres øjne, 1972. Feuilleton 4: The Edison Kinetogram, 1972. Opsvulmede byer i sigtekornet flagrende skud i bevidstheden, 1972. Sidste forestilling bevidstløse trancebilleder af eksploderende spejltricks igennem flyvende tidsmaskine af smeltende elektriske glasfotos, 1972. Dobbeltskrift, 1973. Feuilleton 5: It's Just Another Whistle Stop, 1973. Feuilleton 6: Not Fade Away..., 1973. Feuilleton 7: Deres kodeskrift under Dobbelt Sol, 1973. Here Comes Your 19th Nervous Breakdown (dikt), 1973. Lissom, dikt, 1973. Onkel Danny's dadaistiske disc-jockey djellaba jazzjungle joysticks, dikt, 1973. Sekvens af Manjana, den endeløse sang flimrende igennem hudens pupiller, prosa, 1973. A Third Draft of Space Cantos, dikt, 1974. Another Draft of Space Cantos, dikt, 1974. Karma Cowboy, dikt, 1974. Onkel Danny's deliristiske jukebox jitterbug, dikt, 1974. Onkel Danny's drivende dansende dirrende dinglende daskende dryppende danske dåse-digte, dikt, 1974. Vangede Billeder, erindringar, 1975. $torebror $am, sjølvbiografi, 1975. Drive-in digte, dikt, 1976. Live-Show Feed-Back. 5 sæt af Bøgernes Bog, prosa, 1976. Nytår i Rom, dikt, 1976. Onkel Danny fortæller, erindringar, 1976. 3-D digte, dikt, 1977. Livets karrusel, forteljingar, 1977. Storby-Blues, dikt, 1977. Alverdens vampyrer, essay, 1978. Feuilleton 8: Strangers in the Night, 1978. Onkel Danny fortæller videre, erindringar, 1978. Onkel Danny's små sitrende skinnende svirrende swingende saxsoli sæbeboble-sange, dikt, 1978. Døgn-digte, dikt i utval, 1979. Møde i Garda, forteljing, 1979. Onkel Danny fortæller i timevis, erindringar, 1979. Onkel Danny's rullende rallende regnvejrs ragtime rhapsodi, dikt, 1979. Mord i mørket, roman, 1981. Mord i Rodby, roman, 1981. Ulysses' spejl, dikt, 1981. Mord på Malta, roman, 1982. Onkel Danny fortæller på talløse opfordringer, erindringar, 1982. Alhambra Blues, dikt, 1983. Mord ved Runddelen, roman, 1983. Kom forbi, dikt, 1984. Mord i marts, roman, 1984. Mord i september, roman, 1984. Don Dobbeltliv og andre historier fra Stjernecaféen, noveller, 1985. Mord i myldretiden, roman, 1985. Jazz-digte, utval, 1986. Mord på møntvaskeriet, noveller, 1986. Mord i rendestenen, roman, 1987. Blues for Buddha, prosa, 1988. Mord på medierne, roman, 1988. Nekrolog. Blues for..., prosa, 1988. As Time Goes By... Klip fra den fortsatte scrap-bog, essay, 1989. Forklædt til genkendelighed. Sange, digte & recitationer, 1989. Mord på markedet, noveller, 1989. Mord i San Francisco, roman, 1990. Himalaya Hilton. Digte 1989-1991, dikt i utval, 1991. Dét døgn, da..., roman, 1992. Gud & Gokke. Digte 1991-1992, dikt, 1992. Tja-a Cha-Cha, dikt, 1993.
Musikk Dan Turèll og Sølvstjernerne, 1978. Pas på pengene, med Halfdan E, 1993. Glad i åbningstiden, med Halfdan E, 1996. Dan Turèll & Sølvstjernerne vender tilbage, 2004
Film Mord i Mørket, 1986. Basert på romanen Mord i mørket. Mord i Paradis, 1988. Laust basert på Mord-serien "Onkel Danny – Portræt af en karmacowboy", 2002, dokumentarfilm ved Lars Movin og Steen Møller Rasmussen.
Omsetjingar til norsk Norsk tittelUtgittOriginaltittelUtgittMord på mandag1987Mord ved Runddelen1983Mord i paradis1991Mord i Rodby1981Mord i mars1992Mord i marts1984Mord på Malta1993Mord på Malta1982Mord i september1995Mord i september1984Mord i rushtiden1996Mord i myldretiden1985Drit i døden, her er Dan Turèll(Gjendikting ved Nils-Øivind Haagensen og Bendik Wold)2007Dikt i utval
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dan Turèll» frå , den 20. februar 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå København Kategori:Danske diktarar Kategori:Danske romanforfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet