Vikingemuseet Ladby er eit kulturhistorisk museum i Kerteminde kommune på Fyn. Museet stiller ut Ladbyskibet, som er den einaste bevarte skipsgravlegginga frå vikingtida i Danmark. Skipet blei funne i 1935 og stammar frå mellom 900 og 950 e.Kr.

Utstillinga av skipet er sett opp i gravhaugen der skipet blei funne, slik at det ikkje er flytta. Sjølve museet ligg i ein gard like ved, og inneheld ei utstilling om vikingtida. Nasjonalmuseet er eigar av museet, men det blir drive av Østfyns Museer.

Historie venstre|mini|Den moderne inngangen til haugen der Ladbyskibet ligg. Vikingskipet blei funne av ein bonde som pløya og kom over nokre store steinar i haugen. Amatørarkeologen Poul Helweg Mikkelsen byrja å grava ut haugen, der han støtte på skipet. Han betalte for utgravinga, som var ferdig i 1936. I 1937 blei det sett opp eit betongkvelv, og funnet blei overdrege til Nasjonalmuseet. Nokre år seinare blei garden som i dag er museum flytta nærare haugen. Frå 1949 var det bustaden til oppsynsmannen ved muset. I 1984-85 blei det installert eit klimaanlegg i haugen etter ein donasjon frå fondet «A.P. Møller og Hustru Chastine Mc-Kinney Møllers Fond til almene Formaal».

I 1994 blei drifta av museet overdregen frå Nasjonalmuseet til Østfyns Museum, sjølv om Nasjonalmuseet framleis eig gravhaugen og skipa. Då Kerteminde Museum fekk overdrege Langeskov og Munkebo Kommune som ansvarsområde, vart den arkeologiske avdelinga plassering i bygningen ved Ladbyskibet. Endå ein donasjon frå A.P. Møllers fond gjorde det muleg å etablera ein kjellar i 1997-98, som ytterlegare sikra fortidsminnet. mini|Rekonstruksjon av Ladbyskibet sommaren 2014. I 2007 blei det innvigd eit tilbygg til museet der nokre av gjenstandane som blei funne ved den opphavlege utgravinga blei overførte frå Nasjonalmuseet til Vikingemuseet Ladby.

I 2011 byrja museet å byggja ein rekonstruksjon av Ladbyskibet i full storleik. Vikingskipsmuseet i Roskilde, som har laga fleire rekonstruksjonar av historiske skip, fungerte som konsulentar.Skibsbyggeri . Vikingemuseet Ladby. Hentet 18/3-2014 Etter at rekonstruksjonen var fullført blei skipet sjøsett laurdag 14. mai 2016, og opp mot 2000 menneske var til stades ved jomfruturen.Kryger, Helle (14. mai 2016). Endelig i vandet: Så kom Ladbyskibet ud på sin jomfrusejlads. Fyns Stiftstidende (fyens.dk)

Revninge-kvinna Revninge-kvinna er ein sølvfigur som blei funnen på ei mark ved Revninge i april 2014 og er utstilt på museet. Den vesle figuren på 4,6 cm er datert til rundt år 800.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vikingemuseet Ladby» frå , den 22. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

Østfyns Museum Kategori:Kerteminde kommune Kategori:Skipingar i 1937 Kategori:Sider med Webarchive-mal som lenker til Wayback Machine