thumb|Go’dagen i Trondheim, med Nidarosdomen i bakgrunnenthumb|Kånå i Stavanger har fått ein litt bortgøymd plass, etter flyttinga frå torvet Go’dagen er ein skulptur av bilethoggaren Tone Thiis Schjetne. Han er totalt ca. 175 cm høg og støypt i bronse. Han blei laga i 1980 og finst i to eksemplar: Eit står i Stavanger og eit i Trondheim.
I Trondheim står skulpturen like ved , og blir ofte kalla Torgkona. Stavanger fekk sin skulptur midt på 1980-talet. I samband med Stavanger Festdager 1983 blei fleire verk av ulike bilethoggarar utstilte i Bjergstedparken. Go'dagen var ein av desse skulpturane. Fleire i Stavanger ønskte å behalde skulpturen, som dei allereie hadde gjeve kallenamnet Kånå, då utstillinga var over. Dette blei gjort mogleg gjennom ei kronerulling blant næringsdrivande i sentrum og befolkninga elles i byen.
Kånå blei sett opp på torget i Stavanger og stod der i rundt 20 år. I midten av januar 2005, i høve med bygginga av Tusenårsstaden, blei skulpturen flytta til Lille Sølvbergtorget, midt i den gamle delen av sentrum.Nerheim, Ole S. (2009) «Skulpturinspektør – en annerledes sommerjobb». Rogalands Avis, 26.06.2009, s. 32
Trondheim kommune kjøpte si utgåve av Go’dagen noko seinare enn Stavanger, i 1983. Skulpturen står oppstilt rett utanfor der turistkontoret i Trondheim tidlegare låg, like ved torget.
Ei lita statuett-utgåve av Go’dagen blir delt ut til mottakarane av Trondheim kommunes kulturpris.
Modellen til Go’dagen var Anna Kornelia Holm, ei kvinne frå Skjervøy i Troms, som kom til Trondheim som ung jente for å arbeide som hushjelp. Ho arbeidde aldri som torgkone, sjølv om enkelte har trudd det, fordi skulpturen av og til blir kalla «Torgkona».Bendiksen, Sveinung (2005) «Trønderen 'Kånå' flyttes fra Torget.» Stavanger Aftenblad, 06.01.2005, s. 52 Etter krigen var Anna Holm pensjonist og var mykje av tida si på torget i Trondheim, eller ho sat på ei benk ved Nidarosdomen. Alle som helsa, fekk eit blidt «Go'dagen» til svar.Nordstrand, Jan (2002) «Byhistorie bak bunkersmurer». Adresseavisen, 29.01.2002, s. 6 Tone Thiis Schjetne hadde lagd merke til kona som gjekk rundt og helsa på folk. Ho fekk lyst til å lage ein studie av henne og i 1957 sat Anna Holm modell for henne. Holm skal også ha sete modell for mora til Tone Thiis Schjetne, kunstnaren Greta Thiis.
Då Schjetne rundt 1980 ønskte å lage ein stor skulptur av kona, tok ho med den vesle skulpturen som modell og reiste til Paris for å realisere dette.Leirdal, Kristofer og Arne Gunnarsjaa (red.) Billedhuggeren Tone Thiis Schjetne, s. 72–73. Trondheim, Tapir, 2003. ISBN 82-519-1917-7 Resultatet blei Go’dagen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Go’dagen» frå , den 22. februar 2025.
Kategori:Skulpturar i Noreg Kategori:Kultur i Trondheim Kategori:Kultur i Stavanger Kategori:Midtbyen i Trondheim Kategori:Kultur i 1980