Johannes Henrik Berg ( var ein norsk byråkrat og stortingsmann, fødd i Våle i Østfold.

Far til Berg var prest. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1823. Åra frå 1828 til 1851 arbeidde han i Marinedepartementet, fyrst som kopist, sidan som fullmektig og frå 1837 som byråsjef. Deretter var han frå 1841 byfut og byskrivar i Fredrikstad til 1870.

Berg representerte Fredrikstad i stortinga 1854 og 1857, samt omframtstortinget 1858. Alle sesjonane var han medlem av Lagtinget, i 1854 også i Bankkomiteen og 1857 i Militærkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Fredrikstad