Johan Mølmann Lysholm () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim.

Etter 10 år som kjøpmannslærling i Flensburg, kom han heim til Trondheim. År 1787 opna han handel, ei verksemd som gjekk konkurs i 1826. 1829-31 var han postmeister i Trondheim, og sidan målar, vrakar og vegar til han døydde.

Lysholm var med i fleire kommunale utval, også som formann. 1818 representerte han Trondheim i Stortinget, og var medlem i heile 17 komitear. Han vart stortingsmann på ny i 1821, og var medlem i 7 komitear og i Lagtinget. Han fekk permisjon 14. august 1821, og slapp då å møte i riksrett mot statsrådane Herman Wedel Jarlsberg og Thomas Fasting. Lysholm møtte såleis ikkje på omframtstortinget 1822.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Folk frå Trondheim