Gamle Bybro, eller Bybroa, er ei bru i Trondheim. Bybroa går over Nidelva frå sørenda av Kjøpmannsgata til . Gamle Bybro blei anlagt i 1681 i samband med byreguleringa til Cicignon og bygginga av Kristiansten festning. Plasseringa blei vald av militærstrategiske omsyn og brua blei bekosta av kongen. Brua stod ferdig i 1685. Brua skulle erstatte den tidlegare bybrua som låg omtrent der ligg i dag, og då ho blei opna, blei denne overlatt til forfallet. Sidan har Gamle Bybro gjennomgått fleire forandringar.

Opphavleg blei Gamle Bybro bygd i tre, med tre bruspenn understøtta av tre steinkar. Midt på brua var det plassert eit jarngitter. Ved det vestre brufestet til brua var det ein bevokta byport fram til 1816. Ved kvar ende av brua var det (toll- og vakthus). Aksisehuset på vestsida står enno, men det austre huset blei lagt ned i 1824.

Dagens bru blei bygd i 1861 av stadsingeniør . Ho hadde bruklappar som kunne heisast opp, og bli haldne oppe av dei utskorne portalane som enno finns. På midten av 1900-talet blei konstruksjonane i brua erstatta med betong. Brua er 82 meter lang. Hovudspennet er 8,5 meter og seglingshøgda er 8,4 meter.

Den Gamle Bybro er i dag eit av Trondheims karakteristiske kjenneteikn, og ho blir også kalla «Lykkens portal», etter valsen til «». Den eine portalen blei øydelagd av ein lastebil i 2002.VG: Lykkens portal revet ned (28. oktober 2002)

Gamle Bybro er føreslått verna i .Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (se avsnitt om Gamle Bybro) Aust for Gamle Bybro ligg Brubakken med sykkelheisen .

Brua ble gjord einvegskøyrd i retning i 2003. Etter det blei brua heilt stengd for biltrafikk i 2013, etter at det blei klart at brua trong omfattande restaurering. Arbeidet stod ferdig like før 17. mai 2015, og det blei vedtatt i bystyret i 2016 at Gamle Bybro skulle bli verande stengt permanent for all motorisert ferdsle.

Sjå òg Bruer i Noreg

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gamle Bybro» frå , den 28. februar 2025.

Kategori:Vegbruer i Trøndelag Kategori:Skipingar i 1681 Kategori:Bruer opna på 1600-talet Kategori:Midtbyen i Trondheim Kategori:Bakklandet