Blåstrupejuvel (Lampornis clemenciae) er ein stor medlem av kolibrifamilien, stammen «fjelljuvelar» i underfamilien Trochilinae. Han lever i USA og i Mexico.

Skildring Blåstrupejuvelen er den største kolibrien som hekkar innanfor USA, med ei lengd på 11,2–12,8 cm. Hannen veg om lag 8,4 gram i gjennomsnitt og opp til 10 gram. Hoa veg i gjennomsnitt 6,8 g. Begge kjønn har eit middels langt svart nebb, ei kvit stripe bak auget og ei smal stripe frå nebbet under det svarte kinnet.

Hannen har ein iriserande blå strupe, grøn-bronse overside og gråbrun underside. Hoa manglar den blå strupen og har jamt grå underside. Det finst tre underartar med små skilnader i storleik, farger og stjert.

Utbreiing og habitat Blåstrupejuvelen lever i fuktige skogområde frå sørvestlege USA til sørlege Mexico, i høgder frå 1300 opptil 3900 meter over havnivå. Han finst i elvedalar, furuskogar og blandingsskogar, ofte i fjellområde.

Åtferd I nordlege område trekkjer fuglane sørover om vinteren, men trekkruta er ikkje kjend. Blåstrupejuvelar lever hovudsakleg av nektar, men et òg små insekt, særleg i hekketida og vinterstid. Dei forsvarar ofte nektarrike blomar.

Hoa byggjer reiret åleine, ofte under bergoverheng eller i menneskeskapte strukturar. Ho legg to egg, som ho rugar i 17–19 dagar, og ungane flyg ut etter 24–26 dagar. Hoa kan ha opptil tre kull per hekkesesong.

Galleri

Status Blåstrupejuvelen er ikkje truga og har ein stabil bestand på rundt 2 millionar individ. Arten tolererer menneskeleg aktivitet godt, men i USA lever han berre i nokre få avgrensa dalstrøk. Arten kan vere sårbar for brann, tørke og habitatøydelegging.

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var baset på «Blue-throated mountaingem» frå , den 2. mars 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Kolibriar i USA Kategori:Kolibriar i Mexico