Natalia Barbu () er ein moldovsk songar og låtskrivar. Ho er mest kjend for å ha representert Moldova i Eurovision Song Contest 2007, med songen «», og i 2024 med songen «In the Middle».

Musikkarriere Gjennom heile sin karriere har Barbu samarbeidd med ei gruppe musikarar kalla Trigon på eit alternativt jazz-folk-eksperiment. Ho skriv sine eigne tekster, komponerer musikken til dei fleste av songane sine, og samarbeider om arrangementa med crewet sitt.

I 2006 signerte Barbu ein treårskontrakt med plateselskapet Cat Music Records (Sony Music).

Barbus største suksess har vore utgjevinga av singelen «Îngerul meu» i Romania. Songen låg 11 veker på fyrsteplassen på den rumenske topp 100-lista, og blei mykjee spelt på MTV Romania.

Den 14. desember 2006 blei Barbu vald til å representere Moldova i Eurovision Song Contest 2007 med songen «». I Eurovision Song Contest kvalifiserte ho seg frå semifinalen 10. mai 2007 og enda til slutt på 10.-plass i finalen 12. mai 2007, med 109 poeng.

I 2012 byrja Barbu å samarbeide med musikkprodusent Radu Sirbu og låtskrivar Ana Sirbu (Sianna) ved plateselskapet Rassada Music. På slutten av sumaren gav Barbu ut singelen «I Said It's Sad», som ho uttala var ei stor stilendring for ho. Den nye songen nådde fyrsteplassen på Topp 10 Airplay Moldova. Seinare i 2012 gav ho ut «Iubire Cu Aroma De Cafea» og «Confession», som ho deltok med i den rumenske nasjonale utveljinga til Eurovision Song Contest 2013.

Barbu var blant deltakarane som deltok i Etapa națională 2024, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «In the Middle». Ho enda på fyrsteplass i audition-runda 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen. Der blei ho vald ut til å representere Moldova i Eurovision Song Contest i Malmö. Under konkurransen klarte ikkje songaren å kvalifisere seg frå den fyrste semifinalen 7. mai 2024, etter å ha blitt nummer 13 av 15 deltakarar, med 20 poeng.

Privatliv I 2011 gifta Barbu seg med ein rumensk forretningsmann og bur for tida saman med han i Romania. Dei har eit barn saman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Natalia Barbu» frå , den 3. mars 2025.

Kategori:Moldovske songarar Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2007-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Bălți