Marina Satti () er ein gresk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Ho er kjend for å kombinere tradisjonell gresk, arabisk og balkansk musikk med element, rytmar og produksjon. Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Zari».

Liv og virke Bakgrunn Satti blei fødd den 26. desember 1986 i Aten i Hellas. Faren er sudansk arabar, medan mora er gresk frå Iráklio på Kreta. Satti vaks opp i Heraklion og byrja med pianotimar som barn og tok seinare songtimar på vidaregåande skule. Ho studerte deretter arkitektur ved Atens nasjonale tekniske universitet utan å fullføre ein grad.

Sidan studerte Satti song hos barytonen Panos Dimas og tok ein grad i lyrisk monodi. I 2009 fullførte ho ein grad innan klassiske studium og studerte samstundes jazz ved Nakas-konservatoriet. Frå 2009-2012 fullførte ho studium innan jazzkomposisjon og musikkproduksjon ved i Massachusetts i USA.

Karriere Satti har vore musikar i EBU sitt Europajazzorkester. Saman med Bobby McFerrin skipa ho a cappella-gruppa The Singing Tribe, og i 2016 skipa ho Fonés, ei kvinneleg a cappella-gruppe som framførte tradisjonelle songar. Same år slapp Satti singelen «Koupes» (koppar), og året etter kom oppfølgjarsingelen «Mantissa».

I juni 2018 framførte Satti og Fonés Yalla!, eit repertoar av verdsmusikk og popmusikk, kombinert med tradisjonsmusikk frå det austlege Middelhavet. Dei turnerte rundt om i Europa med prosjektet, blant anna til Frankrike, England, Sveits og Finland. I mai 2022 slapp ho debutalbumet Yenna (fødsel). Albumet fekk gode kritikkar, og Satti følgde opp med ein fire-månadars turné.

I oktober 2023 kunngjorde den greske ålmennkringkastaren ERT at Satti skulle representere Hellas i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige. Den 7. mars blei Eurovision-bidraget «Zari» gjeve ut. I Eurovision Song Contest enda Satti på ellevteplass i finalen med 126 poeng.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marina Satti» frå , den 4. mars 2025.

Kategori:Greske musikarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Aten