Nemo Mettler (), kjend mononymt som Nemo, er ein sveitsisk rappar, songar og musikar som speler fiolin, piano og trommer. Hen vann Eurovision Song Contest 2024 for Sveits med songen «The Code».
Karriere I 2015 gav Nemo ut debut-EP-en Clownfisch, som nådde ein 95.-plass på dei sveitsiske hitlistene. I 2017 gav hen ut singelen «Du», som nådde ein 4.-plass i Sveits.
I 2022 deltok Nemo i den andre sesongen av The Masked Singer Switzerland, der hen var utkledd som panda.
Den 29. februar 2024 vart Nemo annonsert som den sveitsiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 med songen «The Code». Songen vann konkurransen i finalen 11. mai 2024.
Privatliv I november 2023 stod Mettler fram som ikkje-binær i ein artikkel i SonntagsZeitung. I denne artikkelen sa Mettler at hen føretrekte å bli omtala med førenamnet i staden for pronomen på tysk, medan hen også brukte dei kjønnsnøytrale pronomena på engelsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nemo Mettler» frå , den 5. mars 2025.
Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Sveitsiske songarar Kategori:Sveitsiske musikarar