Fra Mauro (fødd ca. 1385, død ) var ein italiensk munk og kartteiknar. Han laga kart over dei delane av Middelhavet som då var kjende med ein forbløffande grad av samsvar med røyndommen.
Fra Mauro tilhøyrde kamaldulensarklosteret på San Michele in Isola mellom Venezia og Murano. Her hadde han ein kartverkstad. Han fekk oppdrag frå mektig folk som Henrik Sjøfararen. I 1450 hadde han laga eit stort mappa mundi, eller verdskart, som er svært nøyaktig og inneheld omfattande geografiske kommentarar. Kartet er i dag kjent som Fra Mauro-kartet.
mini|venstre|Eit av karta teikna av Fra Mauro over Europa. Legg merke til at kartet etter moderne konvensjon er teikna opp-ned.
Eit krater og ein fjellformasjon på månen har namn etter Fra Mauro. Dei blei vitja av Apollo 14 i februar 1971.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fra Mauro» frå , den 5. mars 2025.
Kategori:Kartografar Kategori:Italienske munkar Kategori:Folk frå 1300-talet Kategori:Folk frå 1400-talet